Priskalkylar: Har du forstått omgrepa?

Oppgåve 1
I den interaktive oppgåva under skal du velje dei rette påstandane om sjølvkostkalkylar.
Oppgåve 2
I den interaktive oppgåva under skal du ordne dei sju trinna i sjølvkostkalkylen i rett rekkefølge.
Oppgåve 3
Tora får inn fleire store traller med 30 ulike blomstrar og oppsatsar som skal seljast i blomsterbutikken. Sjefen til Tora ber henne prise blomstrane og gir henne innkjøpslista for blomstrane og resultatrekneskapen til bedrifta, med ein ferdig rekna ut avanse på 40 prosent. Tora veit at avansen (blir rekna i prosent av varekostnad) dekker alle indirekte kostnader og dessutan fortenesta til bedrifta. Varekostnaden på blomstrane er 75 kroner. I tillegg må ho legge til ei meirverdiavgift på 25 prosent for å finne den endelege salsprisen på blomstrane.
Korleis blir reknestykket? I den interaktive oppgåva under skal du bruke informasjonen ovanfor til å plassere rett tal på rett plass i reknestykket.
Oppgåve 4. Kostnader
- Forklar omgrepet kostnad.
- Kva meiner vi med direkte og indirekte kostnader? Bruk ein guida fjelltur eller ei handverksteneste som døme for å forklare kva for direkte og indirekte kostnader vi kan ha.
Oppgåve 5. Prissetjing
- Kva for forhold må vi ta omsyn til når vi fastset pris?
- Kva blir dei tre ulike metodane for å fastsetje pris kalla?
Oppgåve 6. Kalkylar
- Forklar korleis du kalkulerer salsprisen på eit produkt etter sjølvkostmetoden.
- Forklar omgrepet dekningsbidrag.
- Forklar korleis du kan bruke bidragskalkylen.
- I kva for situasjonar er det formålstenleg å bruke bidragskalkylen?
- Forklar omgrepet avanse.
- Kva er forskjellen på avanse og dekningsbidrag?
- Kva går påslagsmetoden ut på?
- Kva dekker påslaget i påslagsmetoden?
- Kva trur du er grunnen til at butikkar ofte bruker påslagsmetoden når dei fastset prisen?
Oppgåve 7. Prisdifferensiering
- Kva siktar ein til med prisdifferensiering?
- Nemn døme på kriterium som bedrifter kan bruke i prisdifferensieringa.
- Kva er grunnane til at bedrifter prisdifferensierer?