Smak & Stil AS har utvikla og skal no selje eit populært produkt – ein spesiallaga termoskopp med personleg design. Dei ønsker å setje rett pris på produktet for å sikre både lønnsemd og konkurranseevne.
Kostnadene for å produsere éin termoskopp er 40 kroner. Dei har sett dekningsbidraget per termoskopp til 90 kroner. Meirverdiavgifta er 25 prosent.
Bruk informasjonen ovanfor til å
berekne salspris utan mva.
berekne salspris med mva.
berekne dekningsgrad
forklare kva for vurderingar vi må ta ved fastsetjing av pris
StreetStyle AS er ei lita bedrift som designar og sel moderne kaps med eige trykk. Dei har selt kaps både i butikk og på nett, og no skal dei rekne på kva dei faktisk tener per selde kaps – og kor mykje som går til å dekke kostnader.
For kvar kaps har dei følgande tal:
Salspris utan meirverdiavgift: 250 kroner
Variable kostnader per kaps: 150 kroner
Meirverdiavgift: 25 prosent
Bruk informasjonen ovanfor til å berekne
dekningsbidraget per kaps
salsprisen med mva. for éin kaps
kor mykje mva. kunden betaler når dei kjøper éin kaps
dekningsgrad for kapsen
ny salspris med mva. når dekningsbidraget blir auka med 20 kroner per kaps
SmoothieFix AS er ei lita bedrift som sel ferske smoothiar på skulekantinar og idrettsarrangement. Etter ein travel sesong gjer dei opp status og ser at dei har hatt eit overskot på 50 000 kroner. Dei har òg desse tala frå rekneskapen:
Faste kostnader: 20 000 kroner
Mengde selde smoothiar: 3 000
Variable kostnader per smoothie: 15 kroner
Meirverdiavgift : 25 prosent (omsetning av serveringsteneste)
Ei lokal butikkjede – TrendTek AS – har begynt å selje små, trådlause høgtalarar. Dei kjøper inn høgtalarane frå ein grossist for 75 kroner per stykk. For å tiltrekke seg kundar har dei bestemt at utsalsprisen (utan mva.) skal vere 99 kroner.
Leiinga har samtidig sett eit krav om at dekningsgraden på alle varer skal vere minst 28 prosent for at drifta skal vere lønnsam over tid.
Bruk informasjonen ovanfor til å
berekne dekningsbidrag per høgtalar
berekne om høgtalaren oppfyller kravet om minimum 28 prosent dekningsgrad
finne salsprisen som gir nøyaktig 28 prosent dekningsgrad
Butikken PrisSmart AS har mange konkurrentar i området og bruker derfor konkurransebasert prissetjing. Det betyr at dei ser på kva konkurrentane tek, og prøver å tilpasse seg marknaden.
Dei har valt å selje eit populært produkt for 99 kroner med mva. (25 prosent), sjølv om dei kjøper det inn for 60 kroner per eining (variable kostnader).
I tillegg har butikken eit internt krav om å ha minst 20 prosent dekningsgrad på alle varer.
Bruk informasjonen ovanfor til å berekne
salspris utan mva.
dekningsbidrag per produkt
dekningsgrad
kor lågt ned butikken kan gå i pris utan å bryte dekningsgradskravet
Bedrifta PlastSmart AS sel ei lita, men populær vare i store mengder. Dei har ei fast kundegruppe og sel 9 000 varer i året. Dei har oppgitt følgande tal:
Salspris med mva.: 20 kroner
Mva.-sats: 25 prosent
Variable kostnader per vare: 12 kroner
Faste kostnader per år: 60 000 kroner
Bruk informasjonen ovanfor til å berekne
det årlege overskotet
kva pris som akkurat vil dekke dei totale kostnadene og gi bedrifta 0 i overskot
Idrettshuset AS er ein sportsbutikk som sel treningsklede og skiutstyr. Dei har nyleg kjøpt inn eit parti på 75 treningsjakker. Jakka blir seld for 1 250 kroner med mva. og skal vere ein av toppseljarane i sesongen. Dei har følgande informasjon om jakka:
Innkjøpspris per jakke utan mva.: 370 kroner
Andre innkjøpskostnader: 4 000 kroner for heile partiet
Mva.-sats: 25 prosent
Bruk informasjonen ovanfor til å berekne per treningsjakke
dekningsgraden
kva som skjer med dekningsgraden om jakka blir sett ned til 999 kroner
EcoBox AS er ei lita, norsk bedrift som spesialiserer seg på berekraftige oppbevaringsboksar laga av resirkulert plast. Dei produserer og sel både på nett og til interiørbutikkar. Dei lanserer no ein ny serie som heiter "EcoLuxe", og ønsker å setje ein pris som både gir dei overskot og treffer den grøne marknaden.
Produksjonen skjer i Noreg, og rekneskapen viser følgande tal for ein produksjonsserie på 300 boksar:
Materialkostnader: 31 500 kroner
Lønnskostnader knytte direkte til produksjon: 22 500 kroner
Transport og emballasje: 3 600 kroner
10 boksar blei skadde i produksjonen og må kastast.
Bedrifta ønsker å selje boksen for 179 kroner med mva. (25 prosent) i butikk.
Faste kostnader knytte til utvikling, marknadsføring og utstyr er 40 000 kroner.
Mål for dekningsgrad: minimum 50 prosent
Bruk informasjonen ovanfor til å berekne
dekningsbidraget per boks
totalt dekningsbidrag
overskotet
salspris med mva. som tilfredsstiller krav til dekningsgrad