Oppgave
Lov om offentlege anskaffingar
Gjer deg kjend med anskaffingslova og anskaffingsforskrifta. Ei anskaffing er det same som eit innkjøp. I denne oppgåva blir du kjend med kva reglar som gjeld ved innkjøp i det offentlege.
I denne oppgåva skal du nytte lov om offentlige anskaffelser (anskaffingslova) og forskrift om offentlige anskaffelser (anskaffingsforskrifta). Du skal vise til aktuelle paragrafar i lova og forskrifta i svara dine.
- Kva er forskjellen på ei lov og ei forskrift?
- Kva er føremålet med anskaffingslova?
- Kva innkjøp fell inn under lova og forskrifta?
- Kva fire hovudprinsipp gjeld for innkjøp i det offentlege?
- I § 7-5 i anskaffingsforskrifta står det om habilitet. Kva tyder habilitet, og kvifor er det viktig ved innkjøp?
- I § 8-4 i anskaffingsforskrifta står det om konkurransegrunnlag. Forklar kva det er, og kva det skal innehalde.
- I § 8-5 i anskaffingsforskrifta står det om kravspesifikasjonar. Forklar kva det er.
- I § 8-9 i anskaffingsforskrifta står det om utveljing av leverandørar. Forklar korleis utveljinga skal gå føre seg.
- I § 11-1 i anskaffingsforskrifta står det om rammeavtalar. Forklar kva som er meint med ein rammeavtale.