Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Korleis er praksisplassen organisert?

I praksisperioden skal du gjere deg kjend med verksemda du jobbar i, og nytte teori frå skulen i praksis. Desse oppgåvene vil hjelpe deg med å sjå samanhengar mellom teori og praksis.

Oppgåve 1

Presenter praksisplassen din

Dette bør du ha med:

  • namnet til verksemda, logo, visjon og eventuelle slagord
  • kva bransje verksemda høyrer til, og kva som kjenneteiknar denne bransjen
  • selskapsforma til verksemda (franchise, kjede, sjølvstendig, offentleg, privat)
  • litt om historia til verksemda
  • kor mange tilsette det er i verksemda, og eventuelt samla tal tilsette dersom det er ei kjede eller liknande
  • kven som er den næraste leiaren din, og kva rolle han eller ho har i verksemda
  • kva den daglege drifta består av på praksisplassen din
  • kva som er arbeidsoppgåvene dine no og i tida som kjem
  • kva leverandørar verksemda har

Oppgåve 2

Kva arbeidsoppgåver blir utførte iverksemda?

  • Lag eit organisasjonskart over eller ei beskriving av arbeidsfordelinga i verksemda.
  • Beskriv dei ulike rollene i verksemda og kva den enkelte har ansvar for.

Verktøy for å teikne organisasjonskart

Canva

Word

Power Point

Google Tegninger

Draw.io

Pencil

Skrive av Tove Knutsen.
Sist oppdatert 21.08.2025