Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Hierarki eller flat struktur?

Kor mange leiarar er det mellom deg som tilsett i ei verksemd og toppleiaren? Er det mange leiarar, seier vi at verksemda har ein hierarkisk struktur. Er det kort veg til toppleiaren, har verksemda ein flat struktur. Vi skal sjå på fordelar og ulemper med ulike måtar å strukturere verksemda på.

Hierarkisk organisasjon

Verksemder med mange leiarnivå har det vi kallar ein hierarkisk struktur. Vi kan illustrere ein hierarkisk struktur med ein pyramide – der toppleiaren er øvst, leiarar og mellomleiarar er plasserte på nivåa under, og medarbeidarar utan leiaransvar er på botnen.

Kommandolinjer og tenesteveg

Ordrane går ovanfrå og ned, og linjene i organisasjonskartet blir derfor kalla kommandolinjer. Når du som medarbeidar har eit uløyst problem, skal du ta det opp med din næraste leiar, dette kallar vi tenesteveg.

Det vil seie at når du har ei utfordring du ikkje kan løyse sjølv, må du vende deg til den næraste leiar. Og viss han eller ho heller ikkje har ei løysing på problemet, skal han eller ho gå til sin næraste leiar. Kvar medarbeidar har berre éin leiar.

Fordelen med denne organisasjonsstrukturen er at det er klare ansvars- og myndigheittilhøve. I nokre verksemder er det viktigare enn hos andre, til dømes i tryggingsbransjen. Politiet og Forsvaret er døme på organisasjonar der det er spesielt viktig med klart definerte ansvarsområde, og kven som skal ta avgjerder i akutte situasjonar.

I verksemder der det er stor forskjell på kompetansen til medarbeidarar utan leiaransvar og andre nivå i verksemda, er det vanleg med ei hierarkisk oppbygging av organisasjonsstrukturen.

Avgrensa kontrollspenn

Ved fleire nivå med leiarar vil også kvar leiar ha ansvar for færre tilsette. Talet på medarbeidarar ein leiar har ansvar for, kallar vi kontrollspennet til denne leiaren. Det er enklare å ha kontroll når du har færre personar å ha kontroll over.

Lang veg til øvste leiar

Ulempa med ein hierarkisk organisasjon er at det kan bli lang veg frå medarbeidaren opp til øvste leiar. Det kan derfor vere vanskeleg å bli høyrt av øvste leiar, og du har avgrensa moglegheiter til å påverke korleis verksemda blir drive.

Flat struktur

I ei verksemd som har berre éin eller få leiarar, seier vi at det er ein flat struktur. Det er vanleg i små verksemder og i nokre kunnskapsbedrifter. Med kunnskapsbedrifter meiner vi verksemder der kunnskapen til medarbeidarane er den viktigaste faktoren. Her er det høgt utdanna medarbeidarar med høg grad av sjølvstende i arbeidet sitt.

Stort kontrollspenn

I store verksemder med flat struktur blir kontrollspennet for den enkelte leiar stort. Kvar leiar har mange medarbeidarar å følgje opp, og derfor fungerer denne organisasjonsstrukturen best i verksemder der medarbeidarane har høg kompetanse og arbeider svært sjølvstendig.

Kort veg til øvste leiar

Fordelen med flat struktur er at det er kort veg opp til toppsjefen, i motsetnad til i ein hierarkisk struktur der førespurnaden må gjennom mange ledd/leiarar før han kjem til dagleg leiar i verksemda.

Stabsavdelingar

Større verksemder er oftast organiserte ut frå eit linjemønster, men det dannar seg gjerne stabar som "utvekstar" på linja. Ordet "stab" har militær bakgrunn og blir nytta om støtteapparatet rundt dei militære leiarane.

Det vanlege mønsteret for ordrar gjeld ikkje stabane, og dei er derfor utanfor linja. Staben er gjerne ein slags service- og støttefunksjon for resten av organisasjonen og utfører gjerne fellesfunksjonar.

Døme på stabar er personalavdeling, IT-avdeling, reklameavdeling, produktutviklarar, økonomikontor og interne rådgjevarar. Stabsavdelingar gir ikkje sjølv ordrar, men skaffar til vegar informasjon slik at leiinga og andre kan ta avgjerder. Staben har berre rådgjevande myndigheit, men stabssjefen har ansvaret for og kontrollen over sitt eige personale.

Tenk over

Kor mange stabar er det teikna inn på organisasjonskartet ovanfor?

Faglege omgrep

Hierarkisk organisasjon
ein organisasjon med mange leiarnivå, gjerne sett opp som ein pyramide
Kommandolinje
er linja i organisasjonskartet frå leiar til medarbeidar
Flat struktur
organisasjonsstrukturen til verksemder med få leiarnivå
Kontrollspenn
talet på medarbeidarar og oppgåver ein leiar har ansvar for
Tenesteveg
å vende seg til den næraste leiaren sin
Kunnskapsbedrift
ei bedrift der kunnskapen til medarbeidarane er den viktigaste ressursen til bedrifta
Stab
ein støttefunksjon som er plassert utanfor linjestrukturen til verksemda
Skrive av Tone Hadler-Olsen og Oddvar Torgersen.
Sist oppdatert 21.08.2025