Verdas største varehandelsmesse
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Er du på jakt etter inspirasjon, råd og kunnskap om trendar og kva som kan gjere deg til førstevalet for kundane, er Big Show staden å vere. Messa har årleg over 35 000 besøkande og 800 utstillarar frå 100 land, som kjem for å vise fram det siste nye innanfor innovasjon, teknologi og produkt i varehandelen. Messa er viktig også for den norske handelsnæringa med tanke på å halde seg oppdatert på nye trendar, ny teknologi og andre nyheiter i bransjen.
Verdt å merke seg frå NRF Big Show 2020
Når det gjeld trendar som vil ha stor innverknad på handelsnæringa framover, blei særleg desse trekte fram på messa i 2020:
- kundedriven utvikling i alle ledd (skreddarsaum)
- kostnadseffektive løysingar for levering til kunden
- ei smartare verdikjede
- kunstig intelligens (AI), maskinlære, automatisering og 5G
- Instagram-augneblinkar (ekstraordinære kundeopplevingar)
- bruktleige og bruktsal (kjem meir og meir også i butikkane)
- opplevingar, opplevingar og opplevingar
Ver merkevara
Kunde- og medarbeidardriven utvikling i alle ledd blir viktig i tida framover. Merkevarer blir skapte gjennom kundeopplevingar. Dei tilsette som har kundekontakt og kundekompetanse, blir involverte i større grad enn før i arbeidet med å forbetre kundereisa. Dette kan bli heilt avgjerande for omdømmet og merkevarebygginga til eit selskap. Det gjeld å "vere merkevara" – eller be the brand, som det heiter på engelsk.
Nye butikkmodellar – med Amazon Go som døme
Amazon Go er ein ny type sjølvbetente, kasselause storkioskar der kundane registrerer seg med ein QR-kode i ein app idet dei går inn. Når dei har handla det dei vil, kan dei berre gå ut av butikken utan at dei treng å skanne varene. Varene har blitt automatisk registrerte av sensorar og kamera, og kundane får ei kvittering i appen etter at dei har forlate butikken.