Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Podkast

Undersøk distribusjonsstrategien til Oda

I denne oppgåva skal de undersøkje distribusjonsstrategien til Oda og vurdere korleis Oda bruker distribusjon som eit konkurransemiddel. Start med å lytte til podkasten (lengde 19:13) nedanfor.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Markedsføring og ledelse

Oda sin distribusjonsstrategi

Distribusjon blir ofte definert som alle aktivitetar og tiltak ei bedrift set i verk for å organisere varestraumen frå produsent til sluttbrukar. Det betyr at distribusjon er grunnlaget for det aller ...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Oppgåver

I podkasten høyrde de eit intervju med Jon Kåre Stene, medgründer i Kolonial.no – som bytte namn til Oda i 2021. Stene blir karakterisert som ein av dei fremste ekspertane på distribusjon i Noreg.

Finn relevant informasjon på nettstaden: oda.no

  1. Undersøk og beskriv distribusjonsstrategien til Oda.

  2. Vurder korleis Oda bruker distribusjon som eit konkurransemiddel.

  3. I april 2021 bytte Kolonial.no namn til Oda. Kva trur de er årsaka til at bedrifta bytte namn?

  4. Drøft følgjande påstand: "Matvarehandel på nett er framtida i Noreg."

Forslag til arbeid med oppgåvene

  • Jobb gjerne i par.

  • Presenter svara for klassen.

  • Ha ein diskusjon om oppgåvene i klassen til slutt.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 07.01.2026