Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Handlevanar blant skuleungdom

Korleis er handlevanane til medelevane dine?

Gruppeoppgåve

Målet med denne oppgåva er å kartleggje handlevanane til ungdommar, avdekkje haldningane deira til berekraft og sjå om handlevanane for denne aldersgruppa har endra seg. Dette skal de gjere ved å gjennomføre ei undersøking blant elevane på skulen dykkar.

  • Diskuter og bli samde om spørsmål de vil stille til medelevane dykkar.

Tips til spørsmål

  • Kor ofte handlar du?

  • Kva handlar du i fysiske butikkar?

  • Kva fordeler eller ulemper ser du ved å handle i fysiske butikkar?

  • Kva handlar du på nettet?

  • Kvifor handlar du på nettet?

  • Kva fordeler eller ulemper ser du med netthandel?

  • Handlar du lokalt?

  • Vel du varer berre ut frå pris, eller tek du òg omsyn til kvar varene kjem frå?

  • Handlar du brukt?

  • Tenkjar du på berekraft når du handlar?

Lag ei undersøking

  • Bestem dykk for om de vil ha ei spørjeundersøking eller eit intervju. For å få eit breiare utval kan de òg lage undersøkingar på sosiale medium.

Planlegg gjennomføringa

  • Bestem når de vil gjennomføre undersøkinga, og set av tid til å analysere svara.

Gjennomfør undersøkinga

  • Gjennomfør undersøkinga i par.

Analyser resultata

  • Når alle data er samla inn, så analysar resultata i dei same para som gjennomførte undersøkinga saman. Skriv ei oppsummering.

Lag eit felles dokument for klassa

  • Lag eit felles dokument der de samlar oppsummeringane frå dei enkelte undersøkingane. Kva slags handlevanar har dei unge i dag?

Diskuter

  • Diskuter interessante funn med tanke på berekraft og sirkulær økonomi. Er ungdom opptekne av kvar varer kjem frå? Er dei opptekne av gjenbruk? Tenkjar dei på miljøet?
  • Avdekkjer undersøkinga noko de vil undersøkje vidare eller gjere noko med?
Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 16.01.2026