Oppgåve
Likviditetsbudsjett for WEBgraphics UB
Set opp eit likviditetsbudsjett for WEBgraphics UB for 4. kvartal.

Månad | September | Oktober | November | Desember |
|---|---|---|---|---|
Salsinntekter | kr 4 000 | kr 20 000 | kr 35 000 | kr 30 000 |
Inntekter
Alt sal føregår med 1 månads kreditt.
WEBgraphics UB kalkulerer med ei bruttoforteneste på 30 %.
Kostnader
WEBgraphics UB reknar med følgande indirekte kostnader for 4. kvartal:
- Kontorrekvisita for 2 000 kroner per månad.
- Andre driftskostnader er på 3 000 kroner i månaden.
- Husleige er på 5 000 kroner per månad.
Alt varekjøp skjer på 1 månads kreditt.
Kontantbehaldninga per 01.10. er 10 000 kroner, og bankinnskot utgjer 30 000 kroner.
Oppgåver
- Set opp eit likviditetsbudsjett for 4. kvartal.
Vurder likviditeten til bedrifta.