Budsjett i praksisbedrifta
Oppgåve
Det kan vere stor forskjell på budsjettdøma du finn i lærebøker og dei budsjetta bedriftene lagar. I lærebøkene er oppsetta forenkla i forhold til verkelegheita. Men føremålet med å lage budsjett er det same, bedrifta skal ha ei oversikt over økonomien.
I praksisbedrifta di er det ein eller fleire som jobbar med økonomi og rekneskap. Du må få hjelp frå dei til å løyse oppgåva.
Førebu deg på å arbeide med budsjett. Repeter kva eit resultatbudsjett er.
Be om å få sjå på resultatbudsjettet til bedrifta, anten for heile verksemda, ei avdeling eller eit arrangement bedrifta held. Det er som regel mange linjer i budsjettet, men du skal berre finne hovudtala.
Lag spørsmål som du skal stille til kollegaen din om den økonomiske stoda for bedrifta.
Resultatbudsjettet. Lag ein tabell og fyll ut:
Resultatbudsjett
Kalkulasjon
Kroner
Salsinntekter
= Sum salsinntekter
Varekostnad
Andre variable kostnader
− Sum variable kostnader
= Bruttoforteneste/DB
Faste kostnader
− Sum faste kostnader
= Resultat
Kva tenkjer du om lønnsemda til bedrifta?