Oppgave
Frynsegode
I denne oppgåva skal du intervjue éin eller fleire personar for å finne ut kva slags frynsegode vedkommande har. Du kan intervjue ein person du kjenner, ein person i familien eller ein person i venneflokken.
Jobb saman to og to og presenter resultata i klassen etterpå.
- Beskriv kva frynsegode er, og kva reglar som gjeld for frynsegode.
- Lag ein intervjuguide med spørsmål om frynsegode.
- Intervju éin eller fleire personar du kjenner, om kva frynsegode dei har.
- Oppsummer kva du har funne ut, og diskuter kva som er bra eller dårleg med frynsegode.