Hopp til innhald
Fagartikkel

Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet fører tilsyn med at marknadsføring og kontraktsvilkår er i samsvar med marknadsføringslova. I tillegg kan dei mekle i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande. Dei skal òg bidra til ei forbrukarvennleg utvikling og fremme tiltak som kan betre stillinga til forbrukarane.

Forbrukartilsynet


Forbrukartilsynet er eit offentleg tilsynsorgan. Ut frå omsynet til forbrukarane skal tilsynet passe på at marknadsføring og standard kontraktsvilkår er i samsvar med marknadsføringslova.

Oppgåvene til Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet har ansvaret for all behandling av forbrukarklager, også for meklinga i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande.

Det er marknadsføringslova som er den viktigaste lova Forbrukartilsynet handhevar. I tillegg handhevar dei ei rekke andre lover og reglar, mellom anna

Les meir om Forbrukartilsynet

sidene til Forbrukartilsynet kan du lese meir om korleis dei jobbar.

Forbrukartilsynet kontrollerer at reklamar ikkje er i strid med marknadsføringslova eller med reglane for radio- og tv-reklame. Forbrukartilsynet kan

  • gripe inn mot villeiande og urimelege marknadsføringsmetodar
  • forby ulovleg reklame
  • sjå til at standardkontraktar i forbrukarforhold ikkje er urimelege, men klare og balanserte

Digitaliseringa gir nye utfordringar

Tida vi lever i, har i stor grad endra kvardagen til Forbrukartilsynet. Auka digitalisering byr på utfordringar med meir personretta marknadsføring og større marknadsføringspress. I tillegg har digitaliseringa opna for nye kanalar for kommersiell påverknad. Ein forskingsrapport frå 2018 fann blant anna at den algoritmebaserte marknadsføringa i sosiale medium opptrer kjønnsdiskriminerande, og at norske barn følte seg overvakte av plattformene. I filmen under (lengde 5:40) fortel forskarane bak studien meir om kva dei fann ut.

Kva kjenneteiknar marknadsføringa mot barn og unge i sosiale medium? Video: Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet, 15sekunder / CC BY-SA 4.0

Forbrukartilsynet skal, ifølge tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet (2024), prioritere å føre tilsyn med

  • marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar, og med digitale produkt og tenester som kan utfordre forbrukarvernet på sikt

  • marknadsføring overfor barn og unge, herunder i digitale kanalar, og kommersielt press overfor russ

  • marknadsføring og avtalevilkår på straummarknaden

  • finansielle tenester med særleg vekt på tilbod om kreditt og lovlegheita av storleiken på fakturagebyr

  • openheitslova



Tips frå forbrukarar

Forbrukarar kan enkelt sende tips til Forbrukartilsynet via nettsidene deira dersom dei

opplever reklame, avtalevilkår eller ein praksis som dei reagerer på.

Marknadsrådet

Marknadsrådet er eit statleg forvaltningsorgan som behandlar klager på avgjerder eller vedtak gjorde av Forbrukartilsynet. Dersom du har sendt klage på ei sak til Forbrukartilsynet, og dei vedtek at denne saka ikkje skal prioriterast, kan du klage saka di inn for Marknadsrådet.

Klagesakene Marknadsrådet behandlar, gjeld brot på marknadsføringslova, alkohollova og tobakksskadelova.

Vedtaka Marknadsrådet gjer, er endelege. Det vil seie at det ikkje er mogleg å klage på dei.

Kjelder

Forbrukertilsynet. (u.å.). Agenda 2019. https://www.forbrukertilsynet.no/om-forbrukertilsynet/agenda-2019

Forbrukertilsynet. (u.å.). Lover og regler. https://www.forbrukertilsynet.no/lover-og-regler

Barne- og familiedepartementet. (2024). Tildelingsbrev til Forbrukertilsynet.

https://www.forbrukertilsynet.no/wp-content/uploads/2024/07/tildelingsbrev-2024-forbrukertilsynet.pdf

Relatert innhald

Fagstoff
Angrerettlova

Angrerettlova seier er at forbrukaren kan oppheve kjøpet innan 14 dagar etter at han gjorde avtalen. Kva er dei viktigaste momenta i angrerettlova?