Sal av reiser

Oppgåve 1
Forklar kva som er meint med ei pakkereise.
Når gjeld pakkereiselova?
Set opp nokre viktige punkt om kunden sine rettar etter pakkereiselova.
Forklar kva Reisegarantifondet er.

Oppgåve 2
Tenk deg at du jobbar i eit reiseselskap. Ein kunde har kjøpt ei pakkereise der formålet med reisa har falle bort. Kunden skulle på skiferie, men så har skianlegget blitt stengt på grunn av for lite snø.
Gjer greie for kunden sine rettar, og korleis de som reiseselskap bør handtere situasjonen.
Oppgåve 3
I denne oppgåva skal de sjå på dommar og avgjerder for klagar på pakkereiser. Gå til "Dommer og avgjørelser" på Reiselivsforum.
Søk på tidlegare klagesaker innanfor ulike område (hotellstandard, manglar, forseinkingar, feilbooking, støy og så vidare.
Drøft resultatet, og kva som ligg til grunn for avgjerda i ulike saker.
Oppgåve 4
Eit flyselskap går konkurs mens ein passasjer med tur–retur Oslo–Aten er i Aten.
- Har passasjeren krav på refusjon av utlegg til flybillett heim til Noreg?
- Kva er hovudkrava for refusjon frå Reisegarantifondet?
Oppgåve 5
Det er krigshandlingar i nærleiken av eit reisemål de i reiseselskapet sel turar til. Ein kunde tek sjansen på at uroa vil gi seg før hen skal reise, og bestiller billettar. Når tidspunktet for avreisa nærmar seg, har uroa auka. Utanriksdepartementet har foreløpig ikkje frårådd reiser dit.
Kunden bestemmer seg likevel for å avbestille reisa, og ber om å få betalinga for reisa tilbake.
- Har kunden rett til avbestilling og krav på å få pengane tilbake?
Grunngi svaret i lovverket.