Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Leiing, samhandling og team

Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Utforsk rolla til personalet og leiinga

I denne oppgåva skal de utforske rolla til personalet og leiinga når ulike verksemder gjennomfører ein marknadsføringsstrategi. Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på to til fire.

Oppgåve 1. McDonald's

  1. Sjå kampanjefilmen og reklameannonsen nedanfor.

    • Kva trur de McDonald's ønsker å oppnå med kampanjen Stjel våre ansatte?

    • Trur de ein slik kampanje er formålstenleg for McDonald's? Kvifor / kvifor ikkje?

Kampanjefilm og reklameannonse Stjel våre ansatte

Video: McDonald's Norge / CC BY-SA 4.0
  1. Reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga i gjennomføringa av McDonald's sin . Ta utgangspunkt i kva dykk sjølve veit om McDonald's og marknadsstrategien for verksemda. Søk ytterlegare informasjon på nettet og sjå gjerne filmen The Founder nedanfor for å få eit innblikk i historia til McDonald's.

Filmen The Founder

Brørne Mac og Dick McDonald starta ein ny type burgarrestaurant i 1940. Konseptet gjekk ut på å få maten når du betaler i kassa. Ray Kroc kjøpte McDonald's for 2,7 millionar dollar i 1961. I filmen The Founder (lengde 1:50:24) kan du lære meir om dei første åra av fastfood-imperiet si historie.

  • I kva grad er leiinga og personalet synlege i marknadsstrategien til McDonald's? Søk gjerne etter medieoppslag og liknande som klargjer rolla til leiinga og personalet.

  1. Presenter refleksjonane for klassen eller for éin eller fleire av dei andre gruppene i klassen.

Oppgåve 2. Apple

  1. Sjå filmen Jobs (lengde 2:07:24 ) nedanfor. Jobs er ein biografisk spelefilm om avdøde Apple-gründer Steve Jobs (1955–2011). Jobs etablerte selskapet Apple Computer i 1976 saman med Steve Wozniak.

  1. Kva inntrykk har de av leiarstilen til den tidlegare Apple-sjefen Steve Jobs?

  2. Kven er Apple-sjef i dag, og kva trur de kjenneteiknar leiarstilen til dagens Apple-sjef?

  3. Reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga i Apple i gjennomføringa av Apples sin .

  4. Presenter refleksjonane og det de har komme fram til for klassen, eller for éin eller fleire av dei andre gruppene i klassen.

Oppgåve 3

I denne interaktive oppgåva skal du svare på spørsmål relaterte til personale og leiing. Fyll inn svar for kvar av dei fire oppgåvene nedanfor.

Hugs å lagre arbeidet ditt før du går ut av oppgåva!

Du kan laste ned det du har skrive ved å trykke på "Lag dokument" på siste side i oppgåvesettet.

Oppgåve 4. Valfri verksemd

  1. Utforsk, reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga når ei valfri verksemd skal gjennomføre ein .

    • Ta utgangspunkt i kva de sjølve veit om marknadsstrategien for verksemda, søk ytterlegare informasjon på nett og høyr gjerne med nokon de kjenner.

    • I kva grad er leiinga og personalet synlege i marknadsstrategien til verksemda? Søk gjerne etter medieoppslag og liknande som fortel om rolla til leiaren og personalet.

  2. Presenter for klassen eller for éin eller fleire av dei andre gruppene i klassen.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 04.11.2025