Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling

Oppgåve

Materiale i mobilkroppen

Ein mobiltelefon består av mange delar. Den delen vi held i, sjølve mobilkroppen, er kanskje den største. Kva for materiale bør mobilkroppen vere laga av – viss vi skal lage ein berekraftig mobil?
  1. Sjølve mobilkroppen er vanlegvis laga av metall, glas, plast eller eit materiale. Lag ei oversikt over fordelar og ulemper ved dei ulike materiala med tanke på

    • utsjånad
    • funksjonalitet
    • pris
    • berekraft
  2. Viss berekraft var det viktigaste kriteriet, kva for materiale ville du valt? Forklar valet ditt.

Relatert innhald

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 08.12.2021