Jenny Skavlan – nettverk og nettverkssamarbeid - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Jenny Skavlan – nettverk og nettverkssamarbeid

I denne oppgåva skal du utforske kva betydning nettverk og nettverkssamarbeid har hatt for Jenny Skavlan.

Bli litt betre kjent med Jenny Skavlan sine ulike jobbroller ved å sjå på filmane, lese informasjonen nedanfor og ta notat, før du begynner på oppgåvene.

Oppgåver

  1. Kva kjenneteiknar Jenny Skavlan som influensar?

    1. Kva plattformer nyttar ho? Kor mange følgarar har ho på dei ulike plattformene?

    2. Kven er målgruppa?

    3. Kva verdiar ønskjer ho å formidle?

    4. Kva verkemiddel nyttar ho i formidlinga si?

    5. På kva måte trur du nettverk er viktig for influensaren Jenny Skavlan?

    6. Kjenner du til skodespelarkarrieren til Jenny Skavlan? Forklar kva betydning du trur skodespelarkarrieren har hatt for ho som influensar.

  2. Forklar betydninga av nettverkssamarbeid for korleis Jenny Skavlan er involvert i bedriftene Fæbrik og Tise.

  3. Fleire merkevarer ønsker å samarbeide med Jenny Skavlan. Drøft fordelar slike samarbeid kan ha både for Jenny Skavlan og for merkevarene.

  4. Korleis trur du nettverket til Jenny Skavlan har bidrege til den profesjonelle utviklinga hennar som programleiar og konferansier?

  5. Korleis trur du Jenny Skavlan bidreg til fagleg utvikling for personar i nettverket hennar?

  6. Drøft påstandane:

    1. "Nettverk og nettverkssamarbeid er like viktig i alle dei ulike rollene Jenny Skavlan har."

    2. "Jo fleire samarbeid Jenny Skavlan inngår med ulike merke, jo betre."

    3. "Jenny Skavlan er influensar. Å fokusere på nettverksaktivitetar er like viktig for alle influensarar."

    4. "Eit godt nettverk blir kjenneteikna ved mange følgarar på sosiale medium."

Litt om ulike jobbroller og nettverk

Jenny Skavlan er for mange kjent som influensar. Ho er òg gründer, designar, berekraftforkjempar, sy-entusiast, modell, skodespelar, programleiar og forfattar. Nedanfor kan du mellom anna bli litt kjent med nettverksarbeidet i to av bedriftene ho er involvert i, og nokre merkesamarbeid.

Fæbrik

Aksjeselskapet Fæbrik består av dei fire sy-entusiastane Jenny Skavlan, Ingrid Bergtun, Mari Nordén og Ingrid Lysne. I eit intervju har dei fire Fæbrik-jentene uttalt følgande om nettverkssamarbeidet knytt til det å starte Fæbrik:

Vi har alle jobbet intenst på hver vår kant med det samme brennende engasjementet, og kjente hvor fantastisk inspirerende, gøy og kraftfullt det var når vi slo oss sammen. Plutselig var vi flere hoder og hender som gjorde at vi fikk profesjonalisert oss og fikk kapasitet til å utvide det vi driver med til flere arenaer. Forretningsmulighetene blir mye flere, og det er ufattelig gøy på veien.

Tise

Tise er ein nettstad og ein app der du kan kjøpe og selje brukte klede, sko, vesker, smykke, klokker, kunst og diverse interiør. I NDLA sin film nedanfor (lengde 7 min) får du eit innblikk i ulike nettverksaktivitetar i bedrifta Tise.

Jenny Skavlan er medeigar i Tise og jobbar til tider som kreativ direktør i verksemda. Video: Cylinder Productions AS, Epidemic Sound / CC BY 4.0

Merkesamarbeid

Jenny Skavlan har inngått samarbeid med fleire merkevarer, mellom anna klesmerket Pierre Robert og Timberland. Nedanfor kan du sjå ein reklamefilm frå David Andersen (lengde 1 min) der Jenny er med.

Kort samandrag av filmen om samarbeidet mellom Jenny Skavlan og smykkemerket David Andersen

Jenny Skavlan viser fram smykka frå smykkekolleksjonen Jenny Skavlan by David-Andersen. Vi får òg eit innblikk i korleis gullsmeden varmebehandlar, sliper, støyper og legg emalje på smykka.

Merkevara Timberland ønskte òg eit samarbeid med Jenny Skavlan, og i filmen under (lengde 3 min) kan du vere med ein dag i Jenny Skavlan sine sko, der ho mellom anna held ein redesign-verkstad med Timberland-sko.

Kort samandrag av filmen om Jenny Skavlan sitt samarbeid med Timberland

Jenny Skavlan fortel om korleis interessa hennar for å sy vart vekt då ho i barndommen fekk boltre seg i kostymedesignarverkstaden til mora. Ho fortel at ho sydde sine eigne klede i oppveksten, og at ho undra seg over at ikkje alle dei andre òg syntest det var gøy å sy. Jenny er ikkje så oppteken av trendar og mote, men elskar å skape plagg ingen andre har. Vi blir med Jenny til yndlingsbutikken hennar i Oslo, Rainbow tekstil. Det mest morosame Jenny veit, er å bruke gamle tekstilar i syprosjekta sine og gjere om gamle plagg til nye favorittplagg. Vi blir òg med Jenny på skattejakt i ein bruktbutikk. På slutten av filmen blir vi med på syverkstad der Timberland-sko skal redesignast. Det siste Jenny Skavlan seier i filmen, er: "Eg jobbar beinhardt med ting, eg skal alltid levere meir enn folk forventar. Og det kan bli slitsamt, men også utruleg gøy".

Nettsider

Jenny Skavlan sin Instagram

Fæbrik si nettside

Tise si nettside

Om Jenny Skavlan i Store norske leksikon

Kjelde

Kildebo, C. (2020, 20. desember). Fæbrik lanserer digitalt sykurs. Elle. Henta frå: https://www.elle.no/mote-sykurs-faebrik/

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022