Profesjonelle nettverk - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Profesjonelle nettverk

Profesjonelle nettverk er viktige møteplassar og ein nøkkelressurs i alle karrierar eller bedrifter. Nettverka kan gi deg innsikt, mogelegheiter og støtte som kan vere avgjerande for suksessen din.

Profesjonell og fagleg utvikling

Relasjonar og kontaktar som blir utvikla med andre fagfolk, bedrifter, organisasjonar eller enkelpersonar i bransjar eller yrkesliv, kallar vi profesjonelle nettverk. Desse nettverka kan bestå av kollegaer, mentorar, forretningspartnarar, kundar, leverandørar, investorar og andre som kan bidra til karriereutvikling eller bedriftsvekst. Formålet med profesjonelle nettverk er å utveksle informasjon, få tilgang til nye mogelegheiter, få råd og støtte og dessutan dele ressursar og erfaringar.

Det er tidkrevjande å bygge nettverk, og det er like viktig å halde kontakten med dei etablerte kontaktane som det er å etablere nye. Du kan vise interesse for arbeidsfeltet ditt ved å dele relevante artiklar, stillingsutlysingar, eventar og arrangement med nettverket ditt. Kanskje du hjelper andre med å finne ein jobb? Bidra med det du kan, det kan du få igjen for sjølv også.

Viss du som elev driv ungdomsbedrift, får du tilgang til nettverk gjennom Ungt Entreprenørskap. I tillegg er det å starte og drive ungdomsbedrift eit godt høve til sjølv å arbeide med profesjonelle nettverk. Der kan du hente kompetansen du treng for å utvikle bedrifta, skaffe ressursar, rettleiing og mogelegheiter som kan hjelpe bedrifta å vekse. Ungt Entreprenørskap tilbyr ulike arenaer der du kan bygge nettverk, som mellom anna mentorordning og meisterskap.

Hovudfunksjonar ved profesjonelle nettverk

Informasjonsdeling
er tilgang til oppdatert informasjon om bransjen, marknadsutviklingar, nye teknologiar og beste praksis. Gjennom nettverket kan du lære av andre sine erfaringar og unngå vanlege fallgruver.
Karriereutvikling
er hjelp med å utvikle karrieren ved å opne dører til jobbmoglegheiter, samarbeid og forfremmingar. Mange jobbar og karrieremoglegheiter blir formidla gjennom personlege kontaktar i staden for tradisjonelle tilsetjingsprosessar.
Mentorskap og rettleiing
er når mentorar gir råd, rettleiing og støtte. Mentorar kan hjelpe deg med å utvikle ferdigheitene dine, setje mål og navigere gjennom utfordringar i karrieren.
Forretningsutvikling
er å utvikle forretningsmoglegheiter. Dette inkluderer å finne partnarar, kundar, leverandørar eller investorar som kan hjelpe bedrifta di å vekse.
Samarbeid og partnarskap
inneber å finne potensielle samarbeidspartnarar for prosjekt, eller andre forretningsinitiativ. Samarbeid med andre bedrifter eller fagfolk kan føre til innovasjon og vekst.
Støtte og ressursar
gir deg emosjonell støtte, praktiske råd eller tilgang til ressursar som kan hjelpe deg med å handtere utfordringar i arbeidslivet.

Korleis bygge og halde ved like eit profesjonelt nettverk?

  • Ver proaktiv
    Sørg for å delta på relevante bransjemøte, konferansar, workshops og nettverksarrangement.

  • Bruk sosiale medium
    LinkedIn er ei av dei mest brukte plattformene for å bygge og halde ved like profesjonelle nettverk.

  • By på din eigen kunnskap
    Del ekspertisen din og tilby å hjelpe andre. Dette skaper gjensidig nytte og styrker relasjonane.

  • Følg opp
    Hald kontakten med nettverket ditt gjennom jamlege oppdateringar, møte eller meldingar.

  • Ver ærleg og autentisk
    Autentiske relasjonar er ofte dei mest varige og fruktbare.

I filmen nedanfor kan du høyre Jenny Skavlan, Eirik og Axel i Tise fortelje om korleis dei har brukt nettverka sine for å etablere Tise.

Video: Cylinder Productions AS, Epidemic Sound / CC BY 4.0

Ledernettverk

I eit leiarnettverk kan du få fagleg påfyll som leiar gjennom erfaringsutveksling og ulike kurs. Virke, hovudorganisasjonen i handels- og tenestenæringa, er éin av fleire aktørar som tilbyr nettverk for leiarar.

Bransjenettverk

Medlemsorganisasjonar som Virke og NHO tilbyr medlemmene sine å bli med i ulike nettverk etter bransje. Til dømes har Virke mellom anna eit nettverk for salsleiing, og NHO Service og Handel har ulike nettverk for bemanningsbransjen.

Det finst òg mange ulike frittståande bransjenettverk som bedrifter kan melde seg inn i, som til dømes SRF (Salgs- og Reklameforeningen i Bergen).

Bransjenettverk arranger ulike kurs, samlingar og konferansar som medlemmene kan delta på. På denne måten kan ein styrke sin eigen faglege utvikling og kompetanse, samtidig som ein vidareutviklar bedrifta si.

Næringsklynger

Ei næringsklynge er eit nettverk av små og store bedrifter, som oftast innan same bransje. I nokre klynger flytter bedriftene kontora sine til éin kontorfellesskap, mens andre samarbeider utan å vere samlokaliserte. Innovasjon Norge er ein aktør som startar opp nye klynger for å få fart på samarbeidsbaserte utviklingsprosjekt.

I ei næringsklynge samarbeider bedriftene vanlegvis tettare enn i eit bransjenettverk. Næringsklynger består ofte av aktørar frå ulike delar av bransjen, som til dømes entreprenørar, industri, offentlege aktørar, forsking og utvikling. Ønsket er å styrke evna til samarbeid og innovasjon.

Eit døme på ei næringsklynge er Eyde-klynga i Agder. Visjonen deira er

å sikre tilvekst og konkurransedyktig norsk prosessindustri som opererer innenfor naturens tålegrense. I fellesskap streber vi etter at bedriftene skal gi positivt bidrag tilbake til samfunnet og naturen.

Andre formar for klyngesamarbeid er hub og tankesmie, også kalla tankesmie. Her samlast bransjar og næringar i små fellesskapar for å generere tankeprosessar om framtid og utvikling. Hub blir ofte brukt som ein arbeidsfellesskap for oppstartsbedrifter.

Kjelder

Ungt Entreprenørskap: https://www.ue.no/

Virke. Ledernettverk: https://www.virke.no/nettverk/

Salgs- og Reklameforeningen i Bergen: https://srf.no/

Innovasjon Norge. Opptak av nye klynger: https://www.innovasjonnorge.no/tjeneste/norwegian-innovation-clusters

NHO Service og Handel. Styrer og utvalg: https://www.nhosh.no/om-oss/lameller-2/alle-styrer-og-utvalg/

Eyde Cluster. Om Eyde-klyngen: https://www.eydecluster.com/no/om-eyde-klyngen/

Relatert innhald

Fagstoff
LinkedIn og nettverk

Linkedin er eit sosialt nettverk som blir brukt i jobbsamanheng. Mange får jobb via nettverket, og det er viktig å bruke tid på lage ein god profil.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen, Tone Hadler-Olsen og Gry Sæterdal.
Sist fagleg oppdatert 02.09.2024