Risikovurdering - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Risikovurdering

Ved hjelp av risikovurderinga skal du kunne vurdere om du har teke gode nok forholdsreglar, eller om du bør gjere meir for å førebyggje.

Kva er risikovurdering?

Ei risikovurdering (risikokartlegging) er ein grundig gjennomgang av kva som kan vere årsak til skadar eller sjukdom på arbeidsplassen din. Ved hjelp av risikovurderinga skal du kunne vurdere om du har teke gode nok forholdsreglar, eller om du bør gjere meir for å førebyggje. Målet er at ingen blir skadde eller sjuke, og at vi ikkje får skadar på eigedom eller eigedelar. Ulykker og dårleg helse kan øydeleggje eit menneskeliv, samstundes som det kan få konsekvensar for verksemda i form av fråvær, produksjonstap, øydelagt utstyr og så vidare. Arbeidsmiljølova krev at alle verksemder skal kartleggje risikoen på arbeidsstaden. Det er arbeidsgivaren som har ansvaret for å gjennomføre kartlegginga.

Korleis kan ein kartleggje risikoen?

Tre enkle spørsmål er kjernen i risikovurderinga:

  • Kva kan gå gale?
  • Kva kan vi gjere for å hindre dette?
  • Kva kan vi gjere for å redusere konsekvensane dersom det skjer?

Ei enkel risikovurdering kan gjerast i fire trinn:

  • Trinn 1: Finn farekjeldene.
  • Trinn 2: Kva kan skje, og kor sannsynleg er det?
  • Trinn 3: Kva kan vi gjere for å hindre det?
  • Trinn 4: Set opp tiltak og vidare arbeid.

Aktuelle lenkjer:

Risikovurdering, Arbeidstilsynet

5 sikre fra Nelfo. Døme på dokumentasjon brukt i samband med risikovurdering og tiltak.

FSE. Forskrift om sikkerhet ved arbeid i og drift av elektriske anlegg.

Ved hjelp av risikovurderinga skal du kunne vurdere om du har teke gode nok forholdsreglar, eller om du bør gjere meir for å førebyggje. Målet er at ingen blir skadde eller sjuke.

Relatert innhald

Fagstoff
Planlegging

Her skal du installere og lære om forskjellige lyskjelder som er styrte av dei vanlegaste lysbrytarane som blir nytta i bustader.

Skrive av Steinar Olsen. Rettshavar: Arbeidstilsynet
Sist fagleg oppdatert 11.01.2018