Dokumentasjon av kabel og vern - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dokumentasjon av kabel og vern

Når vi skal byggje sikre elektriske anlegg, må vi berekne tverrsnitt på kablane eller leidningane vi skal bruke. Her finn du ein generell framgangsmåte.
  1. Finn ut effektforbruket til kvart rom.
  2. Bestem kva for rom som skal koplast på same sikring.
  3. Finn belastningsstraumen (Ib).
  4. Vel sikringsstorleik (In).
  5. Bestem installasjonsmetode (frå tabell 6.2a i Montørhåndboka). Kvar skal vi leggje kabelen/leidningane?
  6. Vel leidningstjukkleik, og finn straumføringsevne (Iz).
  7. Sjekk at IbInIz.
  8. Sjekk deretter at I2 ≤ 1,45 x In.
  9. Til slutt må du sjekke spenningsfallet på kabelen. Dette kan du gjere som vist i Montørhåndboka s. 218–222.

For bustader, med tverrsnitt til og med 4mm2, gjeld berre følgande:

  1. IbIn
  2. I2Iz

Sjå tabell 6.2g i Montørhåndboka for maksimale overbelastningsvern.

Vi seier her at vi då koordinerer og dokumenterer installasjonen med tanke på overbelastning og spenningsfall. Når vi gjer dette, forsikrar vi oss om at tverrsnitt på kabel/leidning og storleik på vern/sikring er tilpassa kvarandre, slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar verken for menneske eller utstyr. Vi forsikrar oss om at det elektriske anlegget er rett dimensjonert, slik at alt utstyr får den spenninga det skal ha, og at kablar/leidningar ikkje smeltar eller brenn opp på grunn av feil dimensjonering.

Dette må vi gjere for kvar kurs i installasjonen.

Kjelde

Ormbostad, J. E. & Halvorsen, K. M. (2019). Montørhåndboka. NEK 400:2018. Oslo: Elforlaget.

Skrive av Steinar Olsen og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 14.07.2017