Måling og feilsøking i strømsløyfe - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Måling og feilsøking i strømsløyfe

Måle og feilsøkje i ei straumsløyfe

Oppgåve

Skisser ei straumsløyfe som inneheld ei spenningsforsyning på 24 V, ein regulator med inngang på 1- 5 V, ein måleverdiomformar merkt 12- 48 V og ein skrivar med inngang på 1- 5 V. Standardsignalet i straumsløyfa er 4- 20 mA.

  • Kor stor spenning vil du måle over regulatorinngangen når det går 12 mA i straumsløyfa?
  • Kor stor spenning vil du måle over måleverdiomformaren når det går 12 mA i straumsløyfa?
  • Skrivaren i straumsløyfa kan konfigurerast for ulike spenningar på inngangen, blant anna for 10- 50 mV. Kva endringar måtte vi ha gjort i straumsløyfa for å kunne nytte oss av 10- 50 mV på skrivarinngangen, og kor stor spenning ville vi då ha målt over måleverdiomformaren når det går 12 mA i straumsløyfa?
  • Regulatordisplayet viser SIGNAL ERROR, og dette indikerer at det ikkje kjem signal fram til regulatoren. Ta utgangspunkt i skissa du har teikna, og gjer greie for korleis du ville ha gått fram for å lokalisere feilen i straumsløyfa. Ta med kva type måleinstrument du har valt, og teikn måleskisser til forklaringa. Grunngi framgangsmåten du vel.

Relatert innhald

Skrive av Odd Ståle Vikene.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018