Kontinuerleg regulering
Med kontinuerleg regulering meiner vi at noko blir styrt og tilpassa heile tida. Vi kan til dømes ha behov for å regulere temperaturen i ein varmeomn eller i eit svømmebasseng. Kontinuerleg regulering blir brukt til stadig fleire formål både i industrien og i private heimar.
