Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Jording

Vi bruker jording i elektriske installasjonar for å verne menneske, dyr og bygningar mot farlege berøringsspenningar. Jording reduserer også risikoen for brann.

Jordingsanlegg

Eit vanleg jordingsanlegg for ein bustad består av ein jordelektrode, ein jordingsleiar, ei hovudjordklemme i tilknytingsskap, utjamningssamband, ei jordskjene i fordelingsskap og ei rekke verneleiarar.

Jordelektrode

For at vi skal vere sikra mot jordfeil, er det viktig at jordingsanlegget i ein bustad er riktig dimensjonert og rett utført. Vi jordar ein bustad for å føre jordfeil direkte ned i jorda. Jordelektrodane skal vere av kopar eller aluminium, og dei blir gravne ned i jorda for å få best mogleg elektrisk kontakt med jordmassane. Dei kan vere utforma som spyd, plater eller ringleidningar. Om vi får lekkasjestraum til berøringspunkt i installasjonen, vil straumen bli leidd ned i jordmassane i staden for gjennom kroppen til personen som kjem i kontakt med han.

Hovudjordklemme og utjamningssamband

Etter at jordelektroden er graven ned, blir jordingsleiaren ført frå jordelektroden til hovudjordklemma. I ein bustadinstallasjon er denne som regel plassert i tilknytingsskapet utanfor bustaden. Det er viktig at alle potensielt straumførande metalldelar som skap, røyrleidningar og armaturar blir kopla til jordklemma gjennom såkalla utjamningssamband. Utjamningssambanda må vere dimensjonerte til å tole forventa jordfeilstraumar.

Jordskjene og verneleiarar

Jordleiaren blir deretter ført vidare frå hovudjordklemma til jordskjena i fordelingsskapet (sikringsskapet). Til jordskjena blir det kopla verneleiarar frå heile den elektriske installasjonen. Alle verneleiarar er kjenneteikna ved gul/grøn isolasjon. Målet med den obligatoriske kontinuitetsmålinga som vi utfører i alle nye installasjonar eller modifiseringar av elektriske anlegg, er å sjekke at det er godt samband i heile jordingssystemet vårt. Sjå denne videoen om kontinuitetsmåling om du lurer på korleis du skal gjennomføre denne.

Modell av jordingsanlegg

Bruk knappane med plussteikn for å finne ut meir om dei ulike komponentane i biletet.

Jordfeil?

Ein jordfeil oppstår om vi får samband mellom jord og ein elektrisk leiar. Dette kan komme av vassinntrenging eller at isolasjonen på annan måte blir redusert eller heilt borte. Utan eit jordingssystem kan det oppstå både brann og personskade ved straumgjennomgang.

Andre feil som kan oppstå, er dårleg samband til jord eller for høg jordingsmotstand.

I moderne elektriske anlegg har nye automatsikringar innebygd jordfeilvern, og i eldre anlegg finst det gjerne eigne jordfeilbrytarar.

For elektrikarar er det viktig å kjenne til krav til utforming av jordingssystem. Dette er beskrive i rettleiinga til forskrift om elektriske forsyningsanlegg. Det er også viktig å vite korleis ein kan feilsøke dersom det er jordfeil i ein elektrisk installasjon. I dei fleste tilfella kjem jordfeil på eit apparat som er kopla til på ein kurs (kaffitraktar, vaskemaskin, komfyr, brødristar o.l.), men av og til er det ein feil i sjølve det elektriske anlegget. Då må ein autorisert elektrikar feilsøke og utbetre feilen.

Relatert innhald

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 21.08.2026