Praktisk oppgåve: fordelingsskåp
Planlegging
Kunden ønskjer seg eit nytt fordelingsskåp i leilegheita si og spesifiserer dette behovet:
Kurs nr. | Skildring | Belastning | Referanseinstallasjonsmetode |
|---|---|---|---|
1 | platetopp | 5,5 kW | A1 |
2 | bad | 3,3 kW | A1 |
3 | stove/kjøkken | 2,5 kW | A1 |
4 | soverom | 2 kW | A1 |
5 | vindfang | 2 kW | A1 |
6 | ladestasjon elbil | 11 kW | C |
Fordelingssystemet er TN 400 V.
- Dokumenter alle forbrukarkursane med krav 1 og krav 2.
- Dokumenter hovudsikring (KV/OV) for fordelingsskåpet.
Praktisk utføring
- Kople opp fordelingsskåp med overbelastningsvern, overspenningsvern, målarsløyfe, samleskjene, jordskjene og dei seks forbrukarkursane.
Det er viktig å montere installasjonen fagmessig. Her er det viktig å følgje normer og forskrifter. Dei viktigaste momenta her er å skru godt til i alle koplingar og sjekke at koplingane er varige og solide. Sjå eigne instruksjonsvideoar om dette.
Relatert innhald
Her får du instruksjon i korleis du kan kople eit fordelingsskap for ein bustad.
Dokumentasjon
Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon der du får med følgjande:
- kursoversikt
- installasjonsteikning
- koplingsskjema
- dokumentasjon av kabel og vern
- materialliste
- samsvarserklæring
Test og sluttkontroll
Installasjonen skal vere sikker både for brukaren og den som arbeider med han. Gjennomfør sluttkontroll og funksjonstest av anlegget ditt.
Relatert innhald
Før du set ei fordeling i drift, er det viktig å sjekke at alt fungerer, ved å gjere ulike målingar. Vi viser korleis du kan gjere målingane.