Fagstoff
Video
Kontinuitetsmåling
I denne ressursen kan du sjå ein kort og grei instruksjonsfilm om korleis du gjennomfører kontinuitetsmåling i anlegget du har kopla, på ein forskriftsmessig måte.
I denne filmen demonstrerer elektrikaren korleis han gjennomfører kontinuitetsmåling i eit nykopla anlegg. Video: Fred Berglyd, Øystein E. Johannessen / CC BY-SA 4.0
Når vi gjennomfører ei kontinuitetsmåling, måler vi motstanden frå fordeling til alle jordingspunkt. Dette bør du gjere med eit måleinstrument som har ein målestraum på minimum 200 mA (0,2 A), slik at du kan oppdage eventuelle dårlege tilkoplingar eller brot på jordleiarar.

Her er årsaka til at det oppstod feil i kontinuitetsmålinga i filmen: Jordleiaren er ikkje skikkeleg tilkopla i stikkontakten.