Sikkerheit og datablad i bedrift - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Sikkerheit og datablad i bedrift

I denne oppgåva skal du sjå nærmare på korleis sikkerheits- og miljøspørsmål er løyste i den praksisbedrifta du jobbar i, eller på verkstaden på skulen. Men hugs at du er i bedrifta for å lære, ikkje for å vere kontrollør!
Video: Grønn Hverdag / CC BY-NC-SA 4.0

Undersøk helsefaren i ei bedrift

I yrkeslivet vil fagarbeidarar jamleg arbeide med stoff og materiale som kan vere farlege. For å unngå helseskade er bedriftene pålagde å følge eigne forskrifter for helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Bedriftene skal ha eigne HMT-system som legg fast reglar og rutinar for forsvarleg sikkerheit og arbeidsmiljø for dei som arbeider i bedrifta. Systema skal òg hindre at det oppstår forureining og skadar på miljøet utanfor bedrifta.

Før bedriftsopphaldet

Set deg inn i HMT-forskriftene som gjeld for bedrifta/bransjen du er i, og sjå nærmare på kva utfordringar som kan oppstå viss kjemikal kjem ut i naturen. Finn fram ei oversikt over symbol som blir brukte til merking av stoff og kjemikal, og set deg inn i kva symbola betyr.

Symboloversikta skal du legge ved rapporten. Beskriv i tillegg kortfatta korleis miljøgifter opptrer i næringskjedene.

Stoff du bør vere merksam på
  • drivstoff
  • smørjemiddel
  • løysemiddel
  • bleikemiddel
  • reingjeringsmiddel
  • impregneringsmiddel
  • konsentrerte syrer og basar
  • farlege avgassar
  • gass under trykk
  • overflate- behandlingsmiddel: måling, lakk, botnstoff etc.
  • lim
  • ugrasmiddel
  • soppmiddel
  • insektmiddel

E-forelesning om sikkerheitsdatablad

Under opphaldet

  • Lag ei oversikt over kjemikal og farlege stoff som er i bruk i bedrifta, og noter korleis stoffa blir oppbevart.
  • Kva for rutinar finst for handtering av avfall?
  • Finn fram til kvar bedrifta har sikkerheitsutstyret som skal brukast viss uhellet er ute.
  • Lag ei kort beskriving av sikkerheitsutstyret og kva funksjon det har.

Beskriving av enkeltstoff

Ta for deg ein av dei viktigaste kjemikala som er i bruk i di bedrift. Bruk stoffarkivet eller Internett for å finne informasjon om kjemikalet. Lag ei kortfatta beskriving av stoffet og ta med desse punkta:

  • kjemisk nemning
  • kjemisk samansetjing og molekylformel
  • dei viktigaste faremomenta dette stoffet har for miljø og helse
  • bruksområde
  • reglar for bruk og særlege sikkerheitstiltak ved bruk
  • førstehjelp/behandling ved uhell
  • krav til handtering og oppbevaring

Tips

Bruk malen for databladsamandrag til å systematisere opplysningane. Bruk kamera for å dokumentere arbeidet i bedrifta.

Etter opphaldet

Samanfatt arbeidet med sikkerheit og datablad i ein rapport.

Bruk gjerne denne rapportmalen.

Legg ved ei oversikt over faresymbol i tillegg til databladsamandraget.

I erfaringsdelen skal du vurdere kva skadar kjemikalet du har sett nærmare på, kan påføre både arbeidsmiljøet og det ytre miljøet.

Kom med forslag til konkrete forbetringar av systemet! Nemn tre forslag i prioritert rekkefølge, og grunngi kvifor du valde desse tre.

Skrive av Tor Magnus Hansen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2020