Risikovurdering - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Risikovurdering

Med risiko meiner vi gjerne "fare for at noko uønska skal oppstå". For å kunne beskrive kor farleg "noko" er, må risiko definerast.

Risiko uttrykkjer at ein går ut frå kor sannsynleg det er at ei uønskt hending eller ein tilstand kan gi skade – og dessutan om skadar og helseplager det kan gi. Det vil seie kva konsekvensar dette kan medføre. Risikovurdering blir også kalla ”konsekvensutgreiing”.

Ei risikovurdering i si enklaste form er å liste opp det som kan slå feil og det som er helseskadeleg og deretter diskutere kor ille kan det gå dersom det slår feil. Til sist: korleis kan vi unngå at det skjer, eller kan vi gjere noko slik at skaden blir mindre om det skjer.

Faktaside om risikovurdering (arbeidstilsynet.no)

Kva kan skje?

Sjukdom og skade gir ofte fråvær. Nokre gonger skuldast det ulykker, i andre tilfelle at arbeidet eller arbeidsplassen er blitt ei belastning. I alle tilfelle er det bedrifta sjølv som kjenner sine risikofaktorar og forhold best. Derfor bør leiar og tilsette saman liste opp mogelege farlege forhold og arbeidsoperasjonar. Når det er gjort, diskuterer ein alle forhold og arbeidsoperasjonar på lista med spørsmåla: Kor ofte kan noko slå feil, og kor ille kan det bli? (kva som er sannsynleg og kva konsekvensen vil bli).

Kva gjer vi med det?

  • Reduser at det er sannsynleg at noko skjer. Mykje rot og uorden gjer det meir sannsynleg å snuble. Ein ryddig arbeidsplass med gode rutinar gjer det mindre sannsynleg at dette skal skje.
  • Sørg for at konsekvensane blir mindre. Ein rusten spikar i foten kan gi mange dagars sjukefråvær. Vernesko hindrar ikkje at nokon trakkar på ein spikar, men det blir ingen skade.

Begge typar tiltak reduserer risikoen for at ein skade kan oppstå. Først ved å gjere det mindre sannsynleg at noko skjer. Det andre ved å redusere konsekvensane om noko skjer.

Den første typen tiltak er ofte både best og billigast. Dersom det ikkje er mogeleg å redusere faren for at skade og sjukdom oppstår, må verneutstyr og andre vernetiltak brukast.

Når det er gjort greie for risikoforholda i bedrifta, skal dei setjast opp i ei prioritert liste. I ein travel kvardag er det viktig å bruke tida på dei viktigaste risikoforholda først. Ein høg risiko kan gjerast mindre ved å gjere det mindre sannsynleg at noko skjer, eller ved å sørgje for at konsekvensane blir mindre om det skjer.

Ein ryddig arbeidsplass, gode rutinar og god arbeidspraksis er med på å gjere det mindre sannsynleg at noko skal slå feil eller at nokon kan bli sjuke. Bruk av verneutstyr: hanskar, vernebriller, høyrselsvern, hjelm, vernesko, fallsikringsutstyr og anna medverkar til å redusere konsekvensane når noko skjer.

Korleis kan ei risikovurdering sjå ut?

Vurderinga kan skrivast ned i ein tekst, men også innehalde tabellar og statistikk. I risikovurderinga blir det gitt ei kort utgreiing av arbeidsforholda i bedrifta eller i den delen av bedrifta som blir sett på som eit risikoområde. All ombygging/omorganisering bør i førebuingsfasen få si risikovurdering.

Utgreiinga bør omfatte forhold som brannfare, rømmingsvegar, farlege maskinar, helsebelastande arbeidsstillingar, støy, støv, farlege kjemikaliar, samarbeidsforhold, osv. Ei god risikovurdering krev inngåande kunnskap om bedrifta. Det betyr at bedrifta sjølv er den som veit best. Bedriftsleiaren, saman med dei som utfører arbeidsoperasjonane, er dei beste til å lage ei god risikovurdering.

Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 05.12.2018