Tilkoplingar på hovudkortet

Datakomponentar følger standardar
Moderne datamaskiner er bygde opp av komponentar frå mange forskjellige leverandørar. Leverandørane følger industristandardane for fysiske kontaktar og kommunikasjonsprotokollar, noko som gjer det lett å kople saman utstyr frå forskjellige produsentar. Dersom drivarane er tilpassa maskinvara og operativsystemet er installert, vil datamaskina fungere riktig i dei aller fleste tilfelle.
Sidan så mykje handlar om fastsette standardar, vil ulike hovudkort, spesielt i stasjonære datamaskiner, som oftast ha ganske likt oppsett og lik plassering av komponentar. Det vil vere mindre variasjonar. Til dømes vil prosessorviftekontakten alltid vere plassert nært prosessorsokkelen, men den nøyaktige plasseringa vil variere mellom forskjellige hovudkortmodellar og leverandørar. Det er derfor viktig å lære seg korleis kontaktane ser ut, lære kvar dei som oftast er plassert, og å bruke manualen for hovudkortet.
Standardar på berbare maskiner
Berbare datamaskiner bruker mykje av dei same kommunikasjonsprotokollane og har eigne mindre versjonar av mange av kontaktane på hovudkortet. Men den fysiske plasseringa av komponentar på hovudkortet kan vere veldig forskjellig, og proprietære kontaktar blir ofte brukt. Dette er fordi berbare datamaskiner finst i så mange storleikar og typar, og delar som hovudkort blir tilpassa kvar enkelt modell.
Tilkoplingsmoglegheiter på sjølve hovudkortet
Sett ovanfrå og ned på eit hovudkort er alle tilkoplingsmoglegheitene vi har internt i ei moderne stasjonær datamaskin, synlege.
Nokre av desse må vi bruke for at datamaskina skal fungere, som
- straum via både 24-pinnars og 8-pinnarskontaktane
- prosessor av riktig type montert i prosessorsokkelen
- arbeidsminne (RAM-brikker)
- tilkopla prosessorvifte
- tilkopla lagringseining (SATA SSD eller M.2 SSD) for operativsystem
Utover dette har dei fleste hovudkort mange tilkoplingsmoglegheiter vi kan ta i bruk dersom vi vil. Nokre er for utvidingskort (som PCI Express), mens andre gir oss moglegheit til å kople til ekstra USB-portar, lys og knappar som kabinettet vi monterer i, støttar.
Interaktivt bilete av hovudkort
Under er eit typisk hovudkort for ei stasjonær datamaskin. Ved å trykke på dei grøne plussteikna får du opp informasjon om dei forskjellige komponentane på hovudkortet.
Interaktivt bilete av portar som kjem ut av datamaskina
På langsida av hovudkortet, som i dei fleste stasjonære datamaskiner peiker ut mot baksida, kan det sjå ut som på biletet under. Trykk på dei grøne plussteikna for å få informasjon om kva dei forskjellige kontaktane heiter og gjer.
I dømet over er hovudkortet laga for integrert grafikk. Det vil seie at prosessoren eller hovudkortet har innebygd skjermkort. Derfor kan skjermen koplast rett til HDMI eller DisplayPort på baksida av hovudkortet. Dette er veldig vanleg på kontormaskiner, men manglar ofte på stasjonære datamaskiner som skal brukast til dataspel.
Relatert innhald
Hovudkortet koplar saman alle delane i datamaskina. Ulike merke og generasjonar med prosessorar vil krevje tilpassa hovudkort.
Jobb med hovudkortet og tilkoplingane til hovudkortet i desse oppgåvene.