Kontaktar på ATX-straumforsyningar

Kontaktar for tilkopling til hovudkort
I stasjonære datamaskiner bruker vi hovudsakleg ATX-kontaktane som er omtalte i denne artikkelen. I berbare datamaskiner, små stasjonære datamaskiner og serverar bruker vi ofte andre kontaktar.
Kontaktane har ein kombinasjon av firkanta og halvrunde pinner. Dette gjer at det berre skal vere mogleg å setje inn kontaktane i riktig retning. Dei er ofte òg merkte med namn.
24-pinnars kontakt (20 + 4) for hovudkort

Hovudkortet bruker mykje av straumen i datamaskina. Det leverer òg straum vidare til einingar som er kopla til via PCIe og USB. Hovudkortet er derfor kopla til straumforsyninga med ein 24-pinnars kontakt og vanlegvis òg ein ekstrakontakt (EPS12V) som leverer 12 volt ekstra og har åtte pinnar.
Ein 24-pinnars kontakt leverer fleire straumspenningar (3,3 volt, 5 volt og 12 volt). Fire av pinnane blir brukte til nødvendig kommunikasjon mellom hovudkortet og straumforsyninga.
Gamle hovudkort brukte 20-pinnars kontakt i staden for 24-pinnars kontakt til straumforsyning. På enkelte straumforsyningar er det mogleg å dele ein kontakt med 24 pinnar slik at du kan bruke han som ein 20-pinnars kontakt.
8-pinnars kontakt (4 + 4) for hovudkort (EPS12V)

Hovudkortet i stasjonære datamaskiner krev ofte ekstra straum frå straumforsyninga. Til dette har vi EPS12V-kontakten. Det er ein 8-pinnars kontakt som leverer 12 volt straum. Denne kontakten kan ofte delast for å fungere med eldre hovudkort der ekstrakontakten for straum har fire pinnar.
Når ein bygger si eiga datamaskin, er det ein vanleg feil å gløyme å kople til denne kontakten, men utan han vil ikkje datamaskina starte.
Kontaktar for tilkopling til lagringseiningar

4-pinnars Molex-kontakt
Dette er ein gammal kontakttype som vart brukt for å levere 12 volt og 5 volt til harddiskar, dvd-spelarar og anna utstyr inne i datamaskina.
4-pinnars Molex er i dag lite brukt, men dei fleste straumforsyningar blir enno levert med nokre av desse kontaktane. SATA 15-pinnars straumkontakt er i ferd med å ta over for denne kontakten.
SATA 15-pinnars straumkontakt

Denne kontakttypen blir brukt for å levere 12 volt og 5 volt til harddiskar og dvd-spelarar. Han har i stor grad teke over for 4-pinnars Molex, sidan han er mykje smalare og dermed passar til tynne SSD-ar og harddiskar i berbare datamaskiner.
Kontaktar for tilkopling av skjermkort
Større skjermkort treng som oftast meir straum enn det PCI Express-kontakten på hovudkortet kan levere. 12 volt ekstra straum via kabel er derfor nødvendig.
Vi har to hovudkontaktar og standardar som blir brukte for å gi straum til skjermkort. Desse kan vi kombinere på forskjellige måtar for at skjermkortet skal få nok straum.

Beskriving | Maks straummengde |
|---|---|
| PCIe-kontakt på hovudkort | 75 Watt |
| PCIe 6-pinnars straumkontakt | + 75 Watt |
| PCIe 8-pinnars straumkontakt | + 150 Watt |
| Dobbel PCIe 8-pinnars straumkontakt | + 300 Watt |
| PCIe 5.0 12V-2x6 straumkontakt | + 600 Watt |
Det vanlegaste oppsettet for større skjermkort er i dag anten doble 8-pinnars PCIe-kontaktar eller 12V-2x6-kontakt (nye Nvidia-skjermkort). Dei gir høvesvis 75 + 300 = 375 Watt og 75 + 600 = 675 Watt i maks forbruk.
8-pinnars (6 + 2) PCIe-straumkontakt
Ein eller to 8-pinnars (6 + 2) PCIe-straumkontaktar er vanleg å bruke på større skjermkort. Denne eldre kontakten kan ofte delast slik at ein får ein 6-pinnars og ein 2-pinnars kontakt. Kontakten med seks pinnar kan brukast på enkelte svakare skjermkort. Denne standarden byrjar å bli gammal, men har eit godt rykte og blir endå blant anna av AMD og Intel for skjermkorta deira.
12V-2x6 (tidlegare 12VHPWR)
12V-2x6-kontakt-standarden (2023) er den reviderte utgåva av 12VHPWR-kontakten (2022) og blir hovudsakleg brukt til nyare, kraftige Nvidia-skjermkort. Kontakten har to rader med seks pinnar for 12 volt straum og fire mindre leiarar for kommunikasjon mellom straumforsyning og skjermkort. Desse fire leiarane skal sikre at skjermkortet ikkje trekker meir straum enn straumforsyninga kan levere.

Auka brannfare med ny kontakt
12V-2x6-kontakten har fleire, men mindre og kortare pinnar enn forgjengaren, PCIe-kontakten med åtte pinnar (6 + 2). 12V-2x6-kontakten leverer dessutan meir straum. Det er derfor ekstra viktig at du sett kontakten riktig inn i skjermkortet.
Pluggen må vere heilt inne i kontakten, og leidningen ut frå kontakten bør ikkje vere sett i fysisk spenn slik at kontakten blir pressa opp, ned eller til sida.
Den første versjonen av kontaktstandarden (12VHPWR) forårsaka fleire branntilløp. Det førte til at standarden vart oppdatert til dagens 12V-2x6-kontakt. Denne er sikrare, men du må likevel vere forsiktig og nøyaktig når du koplar han til skjermkortet.
Relatert innhald
Straumforsyninga (PSU) formar om 230 volt, som vi har i straumnettet vårt, til dei ulike låge spenningane som komponentane i datamaskina treng.
Les fagartikkelen om straumforsyning, og svar på desse oppgåvene.

