Ikkje-rutbare og spesielle IPv4-adresser

Rutbare og ikkje-rutbare IP-adresser
Dei fleste IPv4-adresser er rutbare på internett. Det vil seie at ruterane i dei ulike nettverka internett er bygd opp av, vil vidaresende datapakkane som bruker desse adressene. Dette sikrar at datapakkane kjem fram til mottakaren.

Ikkje-rutbare IP-adresser blir òg kalla private IP-adresser. Dei er adresser som ruterane på internett vil forkaste dersom dei er brukte som avsendar eller mottakar på datapakkar.
Den vanlegaste bruken av ikkje-rutbare IP-adresser er i lokale heimenettverk og bedriftsnettverk. For at nettverkseiningar i eit slikt nettverk skal kunne kommunisere via internett, må ruteren i nettverket gjere omadressering med NAT (Network Address Translation). Du kan lese meir om det i artikkelen: NAT. Omadresseringa byter ut dei ikkje-rutbare IP-adressene med ruteren si eiga rutbare WAN IP-adresse.
Dei følgjande IP-adressesegmenta er ikkje-rutbare og kan fritt brukast i lokale IPv4-nettverk:
IP-adressesegment | CIDR-notasjon | Tal på adresser |
|---|---|---|
10.0.0.0–10.255.255.255 | /8 | 16 777 216 |
172.16.0.0–172.31.255.255 | /12 | 1 048 576 |
192.168.0.0–192.168.255.255 | /16 | 65 536 |
Loopback-adresser (localhost)
Nokre gonger treng ulike program som køyrer på den same datamaskina å kommunisere med kvarandre.

Det er praktisk å bruke nettverksprotokollane for kommunikasjonen, men det er ofte upraktisk å bruke den ordinære IP-adressa til datamaskina, altså adressa som er gyldig i lokalnettverket eller på internett, for kommunikasjonen. Datapakkane som skal mellom programma, treng nemleg ikkje gå ut på nettverket i det heile.
Adressesegmentet (127.0.0.x) blir brukt for å sende datapakkar internt i ei datamaskin. Den vanlegaste adressa for loopback er 127.0.0.1.
Spesielle og reserverte IPv4-adresser
Den første og den siste adressa i eit IPv4-subnett er reserverte og kan ikkje brukast til einingar. Eit døme er adressesegmentet 192.168.1.x, som er eit /24-nettverk med subnettmaske 255.255.255.0. Adressesegmentet omfattar alle adresser frå 192.168.1.0 til 192.168.1.255, men 0 og 255 i den siste oktetten av IP-adressa er reserverte. 0 er reservert og indikerer heile subnettet. 255 blir brukt til broadcast-pakkar, som er datapakkar som går ut til alle einingar i subnettet.
Den første gyldige IP-adressa i eit subnett, til dømes 192.168.1.1, blir vanlegvis brukt til ruteren (default gateway). Dette er ikkje eit krav, men det er vanleg praksis.
Relatert innhald
IP-adresser blir brukte for å adressere datapakkar som skal sendast i lokale nettverk og over internett. Vi kan anten bruke IPv4 eller IPv6.
Nettside hos en.wikipedia.org