Forkorting av IPv6-adresser

Kvart heksadesimale tal i ei IPv6-adresse beskriv fire binære bit. Vi kjenner talet på bit i kvar seksjon (16) og det samla talet bit i adressa (128). Dette opnar for at vi kan forkorte IPv6-adresser slik at dei blir meir lettlesne.
To steg for å forkorte IPv6-adresser
1. Dersom IPv6-adressen har ein samanhengande seksjon eller meir med nullverdiar, kan denne fjernast. Dobbelt kolon viser kvar i adressa nullverdiane er fjerna. Dette kan berre gjerast ein gong per IPv6-adresse.
2. Nullverdiar heilt til venstre i kvar seksjon kan fjernast. Dersom det er heile seksjonar igjen med nullverdiar, kan desse blir representerte av ein enkelt 0.
Døme på lovlege forkortingar
I døma over viste vi ganske moderate forkortingar. I mange tilfelle kan adressene forkortast mykje meir, til dømes dersom vi skal beskrive større adressesegment.
2001:0db8:0000:0000:a442:0000:0000.00a0
er eit døme på ei adresse som kan kortast ned til
2001:db8::a44a:0:0:a0
fc00:0000:0000:0000:0000:0000:0000:0000
er eit adressesegment som blir berre brukt internt i lokalnettverk , som vil seie at det ikkje kan rutast over internettet. Adressa til segmentet kan forkortast ned til
fc00::
fc000:0000:0000:0001:0000:0000:0000:00a1
er ein IPv6-adresse berre for bruk i lokalnettverk. Denne kan forkortast ned til
fc00:0:0:1::a1