Ittens fargesirkel - Design og visualisering (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ittens fargesirkel

Det finst ulike måtar å dele inn og beskrive fargar på. Johannes Itten har skapt ei fargelære som blir mykje brukt. Fargesirkelen til Itten har rein gul, raud og blå som utgangspunkt. Desse fargane blir kalla primærfargar. Vi kan blande dei og få sekundær- og tertiærfargar.

Film om Ittens fargelære

I filmen under (lengde: 3:56) får du ei kort innføring i Ittens fargelære og ei beskriving av korleis han har bygd opp fargesirkelen sin.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Ittens fargesirkel

Itten utvikla ein fargesirkel som har rein gul, raud og blå som utgangspunkt. Vi kan blande fram dei andre kulørte fargane. Sirkelen kan hjelpe oss til å finne harmoniar og kontrastar.

Ittens fargesirkel er delt opp i:

  • 3 primærfargar: raud, gul og blå

    Dei kallast også grunnfargar, fordi det er fargar som ikkje er laga av ei fargeblanding.

  • 3 sekundærfargar: oransje, fiolett og grøn, som er blandingar av to primærfargar

  • 6 tertiærfargar: blanding av ein primærfarge og ein sekundærfarge, som guloransje, raudfiolett og blågrøn.

Når du blandar måling, må du vere klar over at du får ein gråbrun farge viss du blandar alle tre primærfargane (blå, raud og gul).

Skrive av Kari Roksvaag Rønning, Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022