Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Skriftblanding og visuell støy

Det finst eit hav av skriftfamiliar og skrifttypar å velje mellom. Viss du nyttar deg av alle vala, kan det fort bli rot, eller visuell støy.

Unngå visuell støy

Ei skrift har ei form som er nøye designa av ein grafisk designar. Det er ikkje sjølvsagt at forma til éi skrift passar med forma til ei anna skrift. Dersom du ønsker å blande fleire skrifter, må du derfor velje skrifter som passar saman.

Når mange skriftblandingar skaper støy, handlar det om at det blir for mange kontrastar. Hvis ei skrift har mange detaljar, bør du ikkje blande ho saman med ei anna detaljert skrift. Då kan det bli for mange detaljar å forholde seg til, noko som kan skape visuell . Teksten blir vanskeleg å lese, og bodskapen når kanskje ikkje fram til mottakaren.

Gode råd til skriftblanding

For å unngå visuell støy kan det vere lurt å følgje nokre råd om skriftblandingar:

Om du skal bruke to ulike skrifter, er det lurt å velje ei skrift frå to ulike skriftgrupper, for eksempel ei groteskskrift saman med ei antikvaskrift. Desse to skriftgruppene står godt i kontrast til kvarandre.

To ulike antikvaskrifter bør ikkje brukast saman, og heller ikkje to groteske skrifter. To nesten like skrifter uttrykker det same. Å blande dei skaper berre støy.

Om du vil framheve delar av teksten, eller ha meir variasjon, kan du i staden nytte dei ulike skriftsnitta i kvar familie, som til dømes normal, kursiv og halvfeit.

Kva skriftblanding?

  • Kor mange skriftgrupper er brukte i denne plakaten?
  • Kor mange skriftsnitt er brukte?

  • Kva er gjort for å framheve tekst eller å skape variasjon?

Relatert innhald

Skrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist oppdatert 28.01.2025