Forenkling, stilisering, abstrahering - Design og visualisering (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Forenkling, stilisering, abstrahering

Å forenkle vil seie å fjerne detaljar og framheve det som er typisk for forma. Når du forenklar eit uttrykk og forandrar det slik at det passar inn i ei bestemt stilform, kallar vi det stilisering. Endrar du uttrykket så mykje at vi ikkje kan kjenne igjen utgangspunktet, har du abstrahert det.
Skrive av Anita Neby.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2024