Vurderingsressurs
Eigenvurdering: Kva er argumentasjon?
Her kan du sjekke kva du no veit om argumentasjon. Har du fått med deg alt?

Rop det ut! Ein ropert kan vere eit nyttig verktøy for å få merksemd, men det finst også andre effektive metodar.
Fagomgrep
- Medieuttryk
- eit samleomgrep for alle typar medieproduksjonar som kan eller skal publiserast i ein mediekanal
- Standpunkt
- ei haldning eller eit syn i ei sak
- Open argumentasjon
- bruk av saksargument, som må vere etterprøvbare eller framstå som sannsynlege (det retoriske fagomgrepet for open argumentasjon er logos)
- Argumentasjon
- alt som styrkjer standpunktet ditt i ein diskusjon, og som du bruker for å overtyde andre
- Premiss
- eit faktum eller ei oppfatning som det er allmenn semje om, og som vi derfor ikkje treng å grunngi ytterlegare i ein diskusjon
- Skjult argumentasjon
- den argumentasjonen som appellerer til kjenslene, ikkje til fornufta
- Argument
- ei grunngiving som skal underbygge eit standpunkt
- Debattinnlegg
- ein relativt kort tekst der forfattaren argumenterer for eit bestemt syn
Har du forstått?
Bruk desse påstandane for å sjekke kor god kjennskap du har til emnet:
Eg har lært fagomgrep som standpunkt, argument og premiss.
- Eg er medviten på saksargumentasjonen i andre sine medieuttrykk.
Eg kan velje overtydande argument når du lagar eigne medieuttrykk.