Korleis få til ein god diskusjon?
Del 1: Før du ser filmen
- Liker du å diskutere, eller skygger du helst unna? Grunngi svaret ditt.
- Kva meiner du skal til for at ein diskusjon er god?
- Kva vil det seie å lytte til kvarandre i ein diskusjon?
Del 2: Se filmen (lengde 4:42)
Kva meiner Ingunn Solheim skal til for å få gode debattar? Skriv dette ned som punkt. Er du samd med henne? Utdjup svaret ditt.
Del 3: Den retoriske situasjonen
"Den beste debatten er utanfor studio, på bakrommet", seier Ingunn Solheim om erfaringane sine med å lage debattprogram for NRK. Vi kan seie at den retoriske situasjonen påverkar korleis deltakarane argumenterer.
- Les fagartikkelen "Den retoriske situasjonen".
- Bruk fagomgrepa til å beskrive forskjellar og likskapar mellom studiodebatten og debatten på bakrommet. Ser du noko som kan forklare kvifor diskusjonen blei betre på bakrommet?
- Er det forskjell på diskusjonane du har på skulen, heime eller blant vener? Kva er den viktigaste årsaka?
Del 4: Finn ei løysing
Debattklimaet har blitt tøffare, med personangrep og hatske diskusjonar på sosiale medium.
I grupper:
- Diskuter dykk fram til løysingar på dette problemet. Gå gjerne ut av klasserommet for å diskutere, til eit mindre formelt rom, slik Ingunn Solheim gjer det i "Einig".
Korleis var det å diskutere i små grupper utanfor klasserommet samanlikna med klasseromsdiskusjonar? Fordelar og ulemper?
Del 5: Øv på å lytte
I grupper:
Prøv ut det Solheim seier om å verkeleg lytte til kvarandre, ved å diskutere denne påstanden frå "Einig"-programmet om rasisme:
Kvardagsrasisme er ganske vanleg i Noreg. Samd?