Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Innføring i retorikk og argumentasjon

Oppgåve

Etos i NRKs Folkeopplysningen

I denne øvinga skal du vurdere truverd i eit klipp frå NRKs tv-program Folkeopplysningen.

1. Tenk over

Du skal tilby ei ny behandling for vond rygg.

  • Korleis ville du ha reklamert for å overtyde potensielle kundar om at du tilbyr den beste behandlinga?
  • Ville du ha spelt mest på etos, logos eller patos for å overtyde?

2. Sjå sekvens frå Folkeopplysningen

Sjå ein sekvens frå NRK-serien Folkeopplysningen om "Chufang". Sekvensen startar på 23:05.

  • Kan kjøkkenreiskapar kurere vond rygg?
  • Kva synest du om behandlaren sin etos (truverd) i den første delen av sekvensen?
  • Kva skjer med etos når behandlaren og behandlingsrommet blir oppgradert?
  • Finn du døme på at andre appellformer blir i tekne i bruk (logos eller patos)?
  • Kva synest du om innslaget?
  • Kva grep kunne behandlaren ha brukt for å verke endå meir overtydande?
Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist oppdatert 28.02.2020