Podkastar om konflikthandtering

Oppgåver
Oppgåvene eignar seg som heimeoppgåve. I etterkant kan klassen reflektere over kva som kjenneteiknar god konflikthandtering.
Les gjennom oppgåvene først, og deretter lyttar du på podkastane og noterer svar på spørsmåla.
Vektaren beskriv ein femtrinnsmodell for konflikthandtering. Beskriv dei fem trinna.
På kva måte kan vektarar trene på femtrinnsmodellen?
Både vektaren og butikkmedarbeidaren snakkar om at kroppsspråk er viktig. Korleis kan du bruke kroppen til å dempe ein konfliktsituasjon?
Kva er oppgåva til politiet ved offentlege demonstrasjonar?
Kva gjer «dialoggruppa» i Oslo politidistrikt?
Fortel i korte trekk korleis Oslo politidistrikt arbeidde med den omtalte SIAN-demonstrasjonen i Oslo.
Kva er ei trusselvurdering?
Kva er CS-gass, og når kan politiet bruke dette?
Har du lært noko nytt om konflikthandtering i arbeidet med podkastane?
Konflikthandtering i serviceyrke
I podkasten "Konflikthandtering i ulike serviceyrke" fortel Tom Andersen om korleis vektarar får opplæring i å handtere konfliktar. I opplæringa legg ein vekt på kor viktig det er å vere mentalt føre...
Tekstversjon
Transkript – redigert av Lena Brittsdatter Johnsen
Deltakarar:
Andreas Veie-Rosvoll – programleiar
Tom Andersen – TA
Benedikte – B
Elise Frafjord Berntsen – EFB
Konflikthandtering i ulike yrke
Programleiar: Hei, eg heiter Andreas Veie-Rosvoll, og i dag skal eg snakke med tre ulike menneske som har konflikthandtering som ein del av kvardagen, på tre ganske ulike måtar.
Aller først skal eg snakke med Tom Andersen, som er fagopplæringsleiar i Securitas. Tom kan heilt sikkert svare på nokre av spørsmåla eg har om konflikthandtering i vektaryrket. Korleis held vektarar seg trygge? Kva skal ein gjere for å unngå at ein situasjon eskalerer? Korleis taklar ein stress? Korleis taklar ein kriser? Det – og mykje, mykje meir – vil eg høyre om.
Hei, Tom!
TA: Hei.
Programleiar: Kva er eigentleg jobben din?
TA: Jobben min no er konkret at eg sit og har hovudansvaret for alle lærlingar. Men eg har jobba ute i 16 år, i operativ teneste, og har utført dei fleste tenestene som Securitas leverer. Så eg har veldig god erfaring med konflikthandtering.
Programleiar: Konflikthandtering er eit breitt omgrep, men kva er ein typisk konfliktsituasjon, og kva er symptoma på ein sånn?
TA: Ein typisk konfliktsituasjon for ein vektar er at ein skal fjerne ein person som er uønskt på eit objekt. Vedkomande har ikkje lyst til å fjerne seg, og det kan vere av ulike grunnar. Det kan vere at dei er i ferd med å "mekke seg" litt dop, eller at det er kaldt ute. Når då vektaren må gjere jobben sin, kan det oppstå ein konflikt, til dømes med litt skriking, utskjelling og slike ting – det er det vi kjem borti.
Programleiar: Det er òg fare for fysisk vald, kan ein seie?
TA: Ja, det er alltid ein fare for at det eskalerer, men det er det vi trenar vektarane våre på: at dei alltid skal kunne deeskalere situasjonen.
Programleiar: Kva kan ein gjere i ein sånn situasjon?
TA: Vi bruker først og fremst det vi kallar femtrinnsmodellen, som vi underviser vektarane i. Det første trinnet er at du skal vere godt førebudd, og det startar allereie når du står opp om morgonen. Du tek deg god tid, et ein god frukost og har det generelt bra med deg sjølv. Når du kjem på jobb, har du det bra med kollegaer. Når du då går ut og jobbar, og du kjem borti ein situasjon, er du roleg, stoppar opp litt for å vurdere situasjonen og tenkjer alltid eiga sikkerheit: Er dette ein situasjon du skal inn i, eller må du ha med deg nokon fleire?
Det neste punktet er å etablere kontakt, for måten du snakkar til personar på, kan løyse heile konflikten. Det å vise respekt når du kontaktar ein person, ved å presentere deg og fortelje kvifor du tek kontakt med vedkomande, er viktig. Du viser at du eigentleg ikkje er fordomsfull. Du vil vite kva som skjer i denne situasjonen.
Så er det det tredje punktet, som er sjølve kundebehandlinga. Korleis skal vi få vedkomande til å gjere det vi vil, og det dei andre personane som ser på, forventar? Då gir ein såkalla lukka val, som til dømes: "Du må dessverre forlate dette området. Du kan velje om du vil gå ut døra til høgre, eller om du vil gå ut døra til venstre." Grunnen til at vi gjer det på denne måten, er at vi skal leggje valet over på motparten, slik at vedkomande faktisk føler at dei har fått eit val – at dei kan gå ut til høgre eller venstre, og då gjer dei stort sett det.
Punkt fire er at ein må bli einig, og då gjentek du det de har blitt einige om, som i dømet er at vedkomande går ut av lokalet gjennom høgre dør. Det viktige då er at de ikkje skilst som uvenner.
Og det siste punktet, som er noko av det viktigaste, er sjølvransaking, altså eigenvurdering av din eigen innsats, at du set deg ned og faktisk tenkjer: "Kva var det eg gjorde bra? Kva var det eg ikkje gjorde fullt så bra? Kvifor blei vedkomande sinna?" Då er det viktig å vere ærleg med seg sjølv og at du spør kollegaer som har sett på situasjonen, om kva dei synest du burde ha gjort annleis.
Programleiar: Så det handlar mykje om sjølvransaking og eigenvurdering?
TA: Viss ein skal bli god i konflikthandtering, eller god i jobben sin i det heile, må ein ha evna til å sjå inn i seg sjølv og vere ærleg med seg sjølv. Ein må kunne seie at dette gjorde eg ikkje så veldig bra, neste gong må eg faktisk gjere noko anna.
Programleiar: Kan du kome med nokon konkrete døme på typiske konfliktsituasjonar?
TA: Eg kan ta ein konfliktsituasjon eg var borti, der det var ein rusmisbrukar som hadde "teke tilhald". Det betyr at han hadde lagt seg til å sove og hadde rota veldig fælt rundt seg. Eg kom bort dit og snakka med han, og han var frykteleg tverr og vanskeleg i byrjinga. Han byrja å true litt med småvald. Så det eg gjorde då, var at eg trekte meg litt unna og snakka roleg med han, presenterte meg og sa at eg kunne setje meg inn i hans situasjon, at han måtte kome inn og varme seg fordi det var kaldt ute. Men eg sa òg at jobben min ikkje var å gjere livet endå surare for han, men at det var ikkje så fantastisk at han sat der det passerte mange barn og andre forbi. Etter at vi fekk snakka litt, sa eg til han at eg ikkje skulle stå der og mase på han, men at eg tok meg ein runde og kom tilbake om fem minutt. Då måtte han ha rydda opp og vere på veg ut. Dette syntest han var såpass ålreit at han roa seg heilt ned. Eg gjekk ein liten runde og kom tilbake etter fem minutt, og då var vedkomande borte.
Programleiar: Kva kan vere ein trussel for vektarar der ute?
TA: Éin trussel er påverka personar, rusa personar som er påverka av det vi kallar sentralstimulerande middel, som til dømes amfetamin. Dei kan vere veldig ubereknelege. Dei kan i den eine augneblinken vere veldig snille og hyggjelege og stå saman med deg og snakke. I den neste augneblinken kan dei omtrent hoppe på deg og ville gi deg juling. Så rusa personar er ei utfordring. Derfor trenar vi vektarane til å sjå etter teikn og symptom, sjå om dette er ein situasjon dei faktisk skal gå inn i, eller om dei skal ha med seg hjelp.
Programleiar: Kva annan type trening enn femtrinnsmodellen du snakka om, får vektarane i konflikthandtering?
TA: Vi trenar femtrinnsmodellen i trygge omgivnader, der ein til dømes køyrer rollespel. I tillegg får ein eit eige kurs som heiter konflikthandtering, som meir tek for seg kva ein gjer viss ein hamnar i visse situasjonar. Dette er eit heildagskurs der ein får vite ein god del, ein får ein del tips som blir verktøy ein har med seg i jobben.
Programleiar: Der lærer ein òg sånt som korleis ein bør stå, korleis ein bør halde hendene, og korleis ein bør ha armane, som ikkje er i kross, eller kva?
TA: Ja, korleis ein står framfor ein person, er viktig. I ein konflikt står ein aldri rett framfor ein person. Ein står gjerne i ein 45-graders vinkel ved sida av personen. Det er på grunn av di eiga sikkerheit. Viss vedkomande vel å sparke eller slå, kan du enkelt vri deg unna. Vedkomande skal heller ikkje kjenne seg truga av at du står rett framfor dei. Kroppsspråket ditt er veldig viktig, at du ikkje står trugande, knyter neven, står klar til å verne ansiktet ditt mot slag og sånne ting, men at du viser at dette er ei avslappa handling – førebels. Vi seier alltid at vi deler inn i 10, 40 og 50 prosent. Då er kroppsspråket 50 prosent og stemmeleiet 40 prosent, og til saman blir det 90 prosent.
Programleiar: Kva er dei siste ti prosentane då?
TA: Det er det eg faktisk seier. Det ein person i ein oppheta situasjon oppfattar, er stemmeleiet og kroppsspråket mitt. Kva eg eigentleg seier, er ikkje så viktig for vedkomande, men dei vil alltid analysere kroppsspråket og stemmeleiet. Tenk på det sjølv neste gong du snakkar med ein person. Kva er det du eigentleg legg merke til? Jau, du legg merke til kva vedkomande gjer med hendene. Korleis står vedkomande? Kanskje han eller ho fortel deg om ein kjempefin solskinsdag, men det er ikkje det du fokuserer på.
Programleiar: Som du har vore inne på, kan jobben vere ganske stressande, og det kan oppstå spesielle situasjonar. Korleis taklar vektarane desse situasjonane både mens dei skjer, og i etterkant?
TA: Det som er veldig viktig, er å kjenne seg sjølv og vite kor langt du kan gå – altså stressterskelen din. Korleis ser nokon på Tom at no er det like før Tom ikkje klarer meir? Ein må prøve å vri stresset til noko positivt. Når du blir stressa, får du litt adrenalin, og kroppen er meir klar. Ein blir stressa i visse situasjonar – det er heilt naturleg. Men det viktigaste er at ein ikkje må vise at ein er stressa eller redd. Det krev erfaring. Viss du viser at du er usikker og redd, vil konfliktskaparen få eit overtak.
Programleiar: Du er litt inne på det no, men heilt til slutt vil eg spørje deg: Korleis sørgjer de for at dei tilsette har det trygt på jobb?
TA: Vi tek alltid ei risikovurdering av alle oppdrag, og vi utrustar vektarane med det verneutstyret dei treng. Er det vurdert at du på eit bestemt objekt skal ha ein vernevest som skal stå imot slag og stikk, får du det av oss. Vi følgjer dei heile tida opp med oppdatert kursing. Om ein ikkje har vore borti ein situasjon på lenge, får ein òg ei oppfrisking.
Programleiar: No skal vi høyre frå to kvinner som gjennom serviceyrka sine òg må tenkje ein del på konflikthandtering. Først ut er Benedikte. Ho jobbar som låseansvarleg i ein daglegvarebutikk i Oslo. I ein daglegvarebutikk kan det oppstå litt ulike typar konfliktar.
B: Ein nyleg konflikt som oppstod i butikken, var førre veke, i samband med dei nye smitteverntiltaka som har blitt innførte i Oslo kommune. Eg bad kunden om å ta eit steg tilbake. Problemet med koronatiltaka er at folk har kvar si meining om dei er rette eller ikkje, så han hissa seg veldig opp og kalla meg maktsjuk. Han var rett og slett innmari forbant.
Programleiar: Kva skjer då, når du får slengt etter deg ukvemsord og drite rett og slett – kva gjer du då?
B: Eg ser an litt kor utagerande dei eigentleg er. Men i den situasjonen valde eg berre å fjerne meg sjølv og ikkje prøve å snakke han til fornuft.
Programleiar: Kva skjer viss han blir sintare, viss han ikkje lèt deg gå?
B: Då må eg be om bistand frå andre, enten kollegaer eller vektarar.
Programleiar: Kva slags situasjonar må du vere førebudd på når du går på jobb?
B: I ein daglegvarebutikk kjem alle moglege menneske, så eg må vere førebudd på større og mindre konfliktar anten dei handlar om småting, som folk som er misfornøgde med prisar eller varer, eller større ting. Ein typisk situasjon der det oppstår store problem, er i samband med alkoholsal. Viss nokon er for fulle til å kjøpe alkohol og du må nekte dei, oppstår det nesten alltid full "fight" i butikken – eller ikkje alltid, men det er veldig få som aksepterer eit nei der.
Programleiar: Kva slags opplæring har du fått i konflikthandtering?
B: Ikkje så mykje utover det at ein alltid skal opptre profesjonelt og tilkalle hjelp viss det blir meir enn ein klarer å handtere.
Programleiar: Kor viktig er kroppsspråket ditt i konfliktsituasjonar?
B: Kroppsspråket er ekstremt viktig, og det stoppar mange mindre konfliktar. Dei fleste som har noko dei er misfornøgde med og vil ta med tilbake til butikken, forventar at det skal bli ein krangel og går kanskje inn med litt aggressiv energi. Viss ein då møter dei med å vere roleg, tek dei på alvor og gjerne beklagar nesten uansett, går det ofte den andre vegen: Då blir dei plutseleg superglade og medgjerlege.
Programleiar: Viss ein ikkje har armane i kross når det kjem nokon som skal klage, til dømes …
B: Same kven sin feil dette eigentleg er: I ein butikk bør du ta på deg skulda for det sjølv.
Programleiar: Til slutt skal vi møte Elise Frafjord Berntsen, som jobbar i resepsjonen på Thon Hotel Arena. Ho er lærling og tek fagbrev i resepsjonsfaget. Også på hotellet dukkar det opp litt av kvart av personar, og dermed litt av kvart av konfliktar.
EFB: Mykje av jobben til ein resepsjonist er konflikthandtering, og då går det veldig mykje i gjestar som ikkje er så fornøgde med anten det eine eller det andre. Det oppstår gjerne mykje i samband med påverknad av alkohol.
Programleiar: Kva er det du gjer då?
EFB: Det kan til dømes vere at dei blir bedne om å gå på rommet sitt, eller at dei blir bedne om å forlate huset. Viss dei ikkje har lyst til å høyre på oss – noko som ofte skjer til tider – må vi ty til litt strengare krav. Då kan det ende med at dei blir kasta ut av hotellet.
Programleiar: De har kanskje sikkerheitsvakter som jobbar med det?
EFB: Når det er mykje fest, har vi Nokas, men som regel er vi åleine på huset. Det som også er viktig å vite, er at veldig mange menneske kjem på hotellet og har med seg veldig mykje ekstra bagasje, i tillegg til den fysiske bagasjen dei har med seg. Dei tek med seg livssituasjonen sin inn på huset, og det kan bli litt mykje. Det kan til dømes vere triste menneske som synest livet er vanskeleg. Då kan det ofte gå litt feil viss vi skal blande oss for mykje inn i livet deira, men det må vi til tider. Så det blir å skulle vere litt hobbypsykolog òg, noko som ikkje alltid ender så veldig godt.
Programleiar: Ja, for då vil dei lesse personlege problem over på dykk?
EFB: Vi har situasjonar der vi tydeleg merkar at dei ikkje har det så veldig bra. Då vil vi prøve å blande oss inn ved til dømes å ringje legevakt eller noko anna, og det er ikkje alle så veldig glade for.
Programleiar: La oss seie at vi har ein situasjon der ein gjer det, ein ringjer legevakta viss det trengst, og vedkomande blir aggressiv. Kva må de gjere då?
EFB: Vi har eit ansvar for å ta vare på dei gjestane vi har, så som regel ringjer vi uansett. Det er jo slik at ein kjøper ikkje eit hotellrom, ein leiger det, og då er det taket vårt og reglane våre som gjeld. Og viss vi er usikre på om denne personen kanskje er til skade for seg sjølv, eller for så vidt andre, kjenner vi oss pliktige til å melde frå for å gjere noko med situasjonen.
Programleiar: Viss det er fare for helsa di eller helsa til ein annan som står i resepsjonen, kva slags opplæring har du fått i den slags konflikthandtering? Kva gjer du då?
EFB: Vi har ei "full beredskaps-bok", ein raud perm på veldig mange sider, der alle moglege situasjonar som kan oppstå, er skrivne ned. Det er noko vi les oss mykje opp på og må vere førebudde på. Då gjeld det å følgje dei faste rutinane som er der, og å kontakte rett person. Vi nøler ikkje så veldig mykje med å kontakte politiet viss den slags konfliktar skulle oppstå. Men det handlar stort sett om å prate med gjestane og prøve å løyse det der og då.
Programleiar: Tusen takk for at du har høyrt på i dag, og tusen takk til Tom, Benedikte og Elise.
Konflikthandtering ved demonstrasjonar – politiet
I samband med demonstrasjonar kan det bli høgt konfliktnivå. I denne podkasten får vi høyre korleis politiet arbeider før, under og etter ein demonstrasjon for å dempe konfliktnivået.
Tekstversjon
Deltakarar:
Andreas Veie-Rosvoll – programleiar
Christine Isøy – CI
Konflikthandtering ved demonstrasjonar – politiet
Programleiar: Sommaren 2020 demonstrerte anti-islam-organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge, eller Sian, i fleire norske byar, mellom anna Oslo og Bergen. Motdemonstrantane, det vil seie folk som ville møte opp for å markere motstanden sin mot Sian, bestod av svært mange fleire menneske. Det oppstod konflikt mellom desse partane, og her kom politiet inn. Jobben deira var å bevare freden og drive konflikthandtering, som vi skal snakke om i dag. Mitt namn er Andreas Veie-Rosvoll, og eg skal no prate med Christine Isøy frå Oslo politidistrikt. Ho kan heilt sikkert fortelje meg om dei ulike vurderingane politiet må gjere før, under og i etterkant av større demonstrasjonar. Velkomen, Christine.
CI: Takk, takk.
Programleiar: For det første, kva er rolla di i politiet?
CI: Eg er avsnittsleiar for eit ganske lite avsnitt i politiet som jobbar heiltid med å leggje til rette for ytrings- og forsamlingsfridom. I det ligg det at vi, saman med uniformerte mannskap, skal sørgje for at det er trygt for alle å bli med i ein demonstrasjon. Vi skal førebyggje vald, trugsmål og skadeverk i samband med politisk aktivisme.
Programleiar: No har eg nemnt eitt døme på ein ganske kontroversiell demonstrasjon, men dei fleste demonstrasjonar er vel kanskje meir rein marsjering?
CI: Det er jo så mange hundre demonstrasjonar i Oslo gjennom eit år. Då eg byrja i det som blir kalla dialoggruppa, blei eg overraska over kor mange som demonstrerer i Oslo i løpet av eitt år. Dei aller fleste demonstrasjonane går veldig stille og roleg føre seg, dei er ikkje noko problem i det heile. Og så er det nokre demonstrasjonar som har få deltakarar, men som det kan vere knytt trugsmål til likevel.
Programleiar: Viss folk vil protestere mot eller demonstrere for eller mot noko, kva må dei gjere då?
CI: Det er i utgangspunktet ganske mange reglar som regulerer det å demonstrere. Det er litt detaljregulering. Den viktigaste regelen er ytringsfridommen. Dersom du ønskjer å demonstrere, skal du kunne gjere det. Det er eit veldig viktig prinsipp i demokratiet vårt. Viss du spontant vil stelle i stand ein demonstrasjon, har politiet ei plikt til å leggje til rette for det, sjølv om du ikkje har gjort nokre av dei formelle tinga du skal gjere.
Programleiar: Så ein må ikkje ha sendt inn mange skjema og sånn?
CI: Viss du skal gjere dette etter boka, skal du det, og det er straffbart ikkje å melde frå til politiet. Men samtidig har nokre lover og reglar høgare rang enn andre, kan ein seie. Viss ein ikkje har sendt inn ein søknad eller ei melding til politiet, vil det vere eit formalbrot som berre kan medføre ei bot. Det å hindre ytringsfridommen er meir alvorleg. Lova seier at du skal melde frå – du skal ikkje søkje, du skal melde frå – til politiet i god tid. Så spørst det kva "god tid" er. Ofte er jo ein demonstrasjon ein reaksjon på noko som skjer ganske akutt. Dette vil òg variere. Er det Sian som skal demonstrere, veit ein i dag at politiet må ha tid til å førebu seg. Då vil god tid innebere noko anna enn om ei ukontroversiell lita gruppering vil markere seg.
Programleiar: Det er vel meir sannsynleg at førstnemnde skaper eller gir grobotn for konfliktar. Då må de drive med konflikthandtering, som vi snakkar om i dag. På kva måte driv politiet med konflikthandtering, både før, under og etter sånne demonstrasjonar?
CI: Vi skal ikkje handtere konfliktane mellom demonstrant og motdemonstrant. Det er eit veldig viktig prinsipp at politiet skal vere nøytrale, vi skal ikkje ta del i nokon konflikt og heller ikkje løyse nokon konflikt. Konflikthandteringa vi driv med, går ut på å førebyggje opptøyar, vald og så vidare. Så det er viktig at vi er nøytrale. Det dialoggruppa gjer før ein demonstrasjon, er at vi tek kontakt med mange av arrangørane. Det er ulikt kor mykje hjelp dei treng, somme treng berre hjelp til å orientere seg om reglane. Det er vel så viktig som konfliktdempande tiltak for oss, for då er vi allereie ein samarbeidspartnar for aktivistar. I mange andre land opplever dei politiet som ein motpart som ønskjer å hindre ytringsfridom. Men vi er der for å leggje til rette, det er første steg.
Programleiar: Men når det koker, då? La oss seie at det byrjar å vekse fram ein konflikt. Kva steg tek de for å drive konflikthandtering då?
CI: Det byggjer på arbeidet vi har gjort i forkant. Fordi vi jobbar mykje med demonstrasjonar, ser vi ofte kva som potensielt kjem, og så har vi moglegheit til å snakke gjennom det på førehand. Vi jobbar alltid òg ute under demonstrasjonar. Vi er ute og treffer arrangørar tidleg, helser på vakter og ressurspersonar. Ofte er det dei same menneska som demonstrerer år etter år, så vi blir kjende med dei. Vi ser etter kvart kven som er ressurspersonar. Viss noko dreg seg til, ser vi kven som er autoritetar innan miljøet, kven som lèt seg rive med og bidreg til å eskalere situasjonar, og kven som er motsett. Vi prøver ofte å bruke dei så godt det lèt seg gjere.
Programleiar: De blir kjende med dei og viser eit ansikt utetter?
CI: Ja. Ei tilbakemelding vi fekk etter ein av Sian-demonstrasjonane, var mellom anna at politiet var for tidleg inne med CS-gassen. Folk sa at dei skulle ha fått meir tid til å ordne opp i det sjølve. Då snakka vi om det, og blei einige om at viss det same skjer igjen, vil dialoggruppa kome inn og seie frå: "Det minuttet du bad om for å ordne opp sjølv, det er no." Det er sånne ting vi gjer.
Programleiar: Når vi no snakkar om desse Sian-demonstrasjonane: Dei er jo litt spesielle, for det blir ein del merksemd. Når det gjeld den som var i Oslo, til dømes, korleis planla de sikkerheita der? Kva gjer de annleis når det er såpass mykje trykk?
CI: Sian-demonstrasjonane er noko som har eskalert over tid. For nokre år sidan fekk ikkje Sian spesielt mykje merksemd. Dei stod på Eidsvolls plass, det var knapt tilhøyrarar og knapt politi. Så har Sian byrja å bruke sterkare retorikk og visuelle verkemiddel, og mykje har skjedd, slik at dei får stadig meir merksemd. Før den siste Sian-demonstrasjonen på Eidsvolls plass var det eit ganske enormt apparat som vart drege i gang for å planleggje sikkerheita. Det blir jo skalert opp og ned alt etter korleis biletet er. Det startar med at Sian melder frå om at dei skal ha ein demonstrasjon.
Programleiar: Då melder dei frå i god tid i førevegen, eller?
CI: Ja, dei har lært at det tek litt tid å planleggje. Då blir alt og alle involverte. Politimeisteren skal skrive det vi kallar politimeisterens intensjon, som er eit overordna dokument om at ytringsfridommen skal bevarast, og så vidare. Så blir det sett i gang planlegging: Ein skal velje ut mannskap og finne ut kor mange mannskap ein treng. Kven frå Sian kjem? Kjem det mange frå den same sida? Kor mange motdemonstrantar kjem? Kjem det motdemonstrantar som er mot kvarandre igjen, noko som var tilfellet i førre demonstrasjon? Så skriv avsnittet mitt ei trugsmålsvurdering, der vi prøver å kartleggje dette så godt det lèt seg gjere. Dette gjer vi for at dei som skal ta avgjerdene om talet på mannskap, sperring og liknande, skal ha eit så godt avgjerdsgrunnlag som mogleg.
Programleiar: Eg vil gjerne ta tak i det du sa i stad om ytringsfridom. Kva slags etiske tankar er det de må gjere dykk? Det "krasjar" jo litt for enkelte at nokon får lov til å kome med hatefulle ytringar. Kva slags samtalar og vurderingar har de?
CI: Vi har juristar vi støttar oss på, så det er først og fremst juristane som kan svare på dei spørsmåla der. For politiet sin del handlar den etiske sida av det meir om at vi skal vere nøytrale. Det er lover og reglar som skal styre korleis vi handlar. Det er eit viktig demokratisk prinsipp at det er dei folkevalde og Stortinget som skal bestemme korleis politiet skal agere, ikkje etikken og moralen til kvar enkelt politimann, innsatsleiar eller politimeister. Det er slike etiske vurderingar vi må gjere oppi det heile. Og så må kvar enkelt politimann kanskje stå og forsvare ein bodskap som han intenst hatar, og det er òg ei etisk vurdering ein må ta inni seg. Det er noko med likebehandlingsprinsippet – sjølvsagt litt avhengig av bodskap og om ein seier noko som er klart ulovleg. Dette med ytringsfridom og Grunnlova heng så høgt at det trumfar mykje anna. I Grunnlova har vi òg eit totalforbod mot førehandssensur: Sjølv om vi veit at det mest sannsynleg vil kome hatefulle ytringar under ein demonstrasjon, har vi ikkje lov til å forby den demonstrasjonen på det grunnlaget. Noko anna eg trur har hatt stor påverknad på mellom anna Sian-demonstrasjonane, er at pandemien har ført til at ganske mange av dei meir moderate organisasjonane ikkje har møtt opp på demonstrasjonar. I tillegg jobbar vi i dialoggruppa med indre justis, som mellom anna handlar om at folk som kjempar og jobbar for same sak, har lettare for å høyre på kvarandre. Viss nokon øydelegg for dei andre, til dømes ved å kaste ting, vil kanskje nokon andre i gruppa seie: "Hei, no øydelegg du for oss andre." Det er betre enn at politiet skal kome og rette peikefingeren mot nokon og seie at det ikkje er lov til å kaste – det er meir effektivt at nokon av dei som til dømes er antirasistar som deg sjølv, seier at "dette øydelegg for saka vår". Men eg trur som sagt at mange organisasjonar har halde seg borte frå dei siste Sian-demonstrasjonane fordi dei ikkje har ønskt å mobilisere til demonstrasjonar i covid-tider. Då har det gitt større spelerom for dei som er meir radikale i sine måtar å uttrykkje seg på.
Programleiar: Du nemnde CS-gass i stad. Kva er det?
CI: Det er det de kallar tåregass.
Programleiar: Politiet har fått kritikk for å bruke CS-gass, eller tåregass, ved enkelte høve. Kva er rutinane dykkar der, og når vel de å bruke det?
CI: Det er ikkje nokon rutine, kan du seie. Det er lover som regulerer maktbruken til politiet, og ein generell regel seier at du alltid skal ha prøvd meir lempelege middel før du prøver noko som er sterkare. Så er jo CS-gass eitt av dei lovlege maktmidla vi har. Før vi skal bruke det, må vi anten ha prøvd – eller ha funne at det heilt openbert ikkje nyttar å prøve – noko mildare. Før CS-gass blir brukt i demonstrasjonar, vil vi alltid ha prøvd dialog. Dialoggruppa, som eg har nemnt, jobbar i folkemengda, har kontakt med arrangørar og vakter og vil gjerne kunne fange opp ting tidleg. Så vi kan gå inn og seie: "No må de prøve å ta tak i dykkar eigne, som blir litt vel ville borti hjørnet der" – det er eitt verkemiddel. Ofte vil politiet gå fram til dei og prøve å signalisere at no må dei roe seg ned. Som uniformert fungerer det ofte dårleg å snakke til store mengder. Så kroppsspråk bruker vi mykje, vi prøver å signalisere at det er på tide å roe seg ned. Og så kan ein gå litt tom for verkemiddel i store folkemengder og demonstrasjonar. Då kan CS-gassen brukast for å stanse ulovlege handlingar. Det er det han blir brukt til.
Programleiar: Når media kjem med kritikk av bruken av tåregass, og om det er på sin plass eller ikkje, kva skjer med omdømmet til politiet?
CI: Det er litt vanskeleg for meg å vurdere, kanskje, men eg tippar det går begge vegar. Somme er kjempekritiske og synest at dette var dårleg handtert, mens andre er einige. Vi får kritikk uansett. Somme meiner at vi er svake pyser som ikkje tør å gjere nokon ting, og andre meiner vi er altfor hardhendte. Det er vanskeleg å vurdere, og eg tenkjer at i situasjonen må vi gjere det vi meiner er nødvendig og forsvarleg. Så får vi gå ut etterpå og grunngi og forklare. Dette er òg noko vi i dialoggruppa gjer. Vi snappar opp ting, til dømes på sosiale medium, og kan ta kontakt med folk og grunngi og forklare. Det hjelper ofte veldig.
Programleiar: Christine Isøy frå Oslo-politiet, tusen takk for at du kunne kome.
CI: Berre hyggjeleg!