Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Geografien i Kina – studiespørsmål

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Geografien i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.

  1. Mange kinesarar har det som heiter laktoseintoleranse, som inneber at dei har problem med å fordøye mjølkeprodukt. Kvifor det, trur du?
  2. I Nord-Kina et ein mántou 馒头 – dampkokte bollar – mykje ved forskjellige høve. Dei er ikkje laga av ris. Kva er dei laga av?

  3. I Vesten har soyabønnepudding blitt populært under namnet tofu. Men det er ikkje kinesisk. Kvar kjem namnet tofu frå, og kva heiter soyabønnepudding på kinesisk?
Skrive av Harald Bøckman.
Sist oppdatert 27.11.2025