Regional samferdselspolitikk - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Regional samferdselspolitikk

Ansvaret for samferdselspolitikken er delt mellom stat, fylkeskommune og kommune. Her ser vi nærare på ansvaret til fylkeskommunane.

Fylkeskommunen sitt forvaltningsansvar

Regional samferdselspolitikk dreier seg om å ta det forvaltingsansvaret som høyrer til fylkeskommunane. Fylkeskommunane har ansvaret for

  • kollektivtransport
  • transport av elevar til vidaregåande skular
  • drosjetransport
  • planlegging av fylkesvegar

Fylkeskommunane kan anten drive kollektivtransport i eigen regi eller kjøpe slike tenester frå kommersielle aktørar.

Skoleskyss

Medan grunnskuleskyssen er eit kommunalt ansvar, er transport av elevar til og frå vidaregåande skular eit fylkeskommunalt ansvar. For å ha rett til skuleskyss er hovudregelen at avstanden mellom bustad og skule skal vere minst 4 kilometer for grunnskuleelevar og minst 6 kilometer for vidaregåande elevar. Fylkeskommunane prøver å samordne skuleskyssen til dei vidaregåande skulane med grunnskuleskyssen, som kommunane har ansvar for.

Fylkesvegar

Fylkeskommunane kjøper tenester frå Statens vegvesen for vedlikehald og utbygging av fylkeskommunale vegar. Fylkesvegar er markerte med FV i den norske veglista for kommunar og fylkesvegar, som blir utgitt fylkesvis.

Skrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019