Strukturen i flytransportsystemet - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Strukturen i flytransportsystemet

Her lærer du korleis flyplassane er delte inn i stamflyplassar og regionale flyplassar. Staten, ved Avinor, eig og driv 17 stamflyplassar og 29 regionale flyplassar. I tillegg har vi 8 privateigde flyplassar som driv kommersiell lufttransport.

Flyplassane

Avinor har gruppert flyplassane sine etter passasjergrunnlag eller talet på flygingar per år.

I tillegg til flyplassane består infrastrukturen av luftleier og overvakingssystem som sikrar at transportane kan gå føre seg så sikkert som mogleg. Flygeleiarare følgjer kvart enkelt fly ved landing og avgang.

Flyplassane er utstyrte med kontrolltårn og radarovervaking. I tillegg har dei større flyplassane ILS-system (Instrument Landing System) for instrumentlanding, slik at fly kan lande under forhold med dårleg sikt.

Luftrommet

Luftrommet er delt i soner. Kontrollsentralen ved Sola har ansvaret for luftrommet i Sør-Noreg, medan kontrollsentralen i Bodø har ansvaret for luftrommet i Nord-Noreg.

Skrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019