Transportnettverk - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Transportnettverk

Her skal vi sjå nærare på kva nettverk som finst for transport av personar og gods og for samordna informasjonsformidling.

Transportnettverka må samarbeide

For at transport skal fungere på best mogleg måte er det viktig at dei ulike transportnettverka blir kopla saman i koplingspunkt, eller terminalar. Vi kan jo ofte ikkje bruke den same transporten heile vegen, men må byte transportmiddel for å få gods eller personar heilt fram.

Transportnettverka våre er

  • vegnett

  • jernbanenett

  • flyplassnett

  • hamnenett

  • røyrnett for transport av olje og gass


Informasjonsformidling mellom nettverka skjer gjennom

  • jordbundne linje- eller kabelnett

  • trådlause nett bygde opp rundt ulike basestasjonar

Relatert innhald

Fagstoff
Strukturen i transportnettverka

Alle transportnettverka er bygde opp rundt den same grunnstrukturen. I dette avsnittet går vi gjennom denne grunnstrukturen.

Fagstoff
Logistikk på veg

Filmen viser logistikken ved eit omlastingslager, med henting, sortering og ompakking av gods for vidare transport med lastebil ut til mottakarane.


Skrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2023