Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Korleis bruke ein transportkalkyle?

Her kan du bli kjend med dei ulike kalkylane som er aktuelle for berekning av lønnskostnader, dekkostnader og pris for eit transportoppdrag.

Prissetjing

Å prissetje eit transportoppdrag betyr å fastsetje det beløpet ein transportkjøpar må betale for eit transportoppdrag. Eit godstransportoppdrag dreier seg om å frakte ei sending frå ein avsendar til ein mottakar.

Alle transportbedrifter må gå med overskot i lengda. Som regel er oppdraga ulike, og derfor må bedriftene kunne kalkulere kostnadene for kvart oppdrag dei tek på seg. Samtidig må dei ha kontroll og oversikt for å sikre at oppdraga til saman gir eit overskot.

Konkurransen i transportmarknaden er hard, derfor må vi stundom bruke ein bidragskalkyle i staden for ein sjølvkostkalkyle. Då bereknar vi dei variable kostnadene vi får ved å ta eit transportoppdrag. Så anslår vi marknadsprisen for oppdraget ut frå konkurransesituasjonen.

Om vi tek på oss oppdraget til for låg pris, taper vi pengar. Men dersom vi kan oppnå ein pris som dekker alle dei våre variable kostnadene våre pluss litt av dei faste kostnadene, får vi eit bidrag som dekker nokre av dei faste kostnadene.

Om vi prisar for mange oppdrag etter bidragsmetoden, vil vi over tid slite ut eit transportmiddel () utan å ha pengar til å skaffe eit nytt når dette er utslite. Men dersom det er viktig for oss å kapre ein ny kunde, kan vi godt bruke ein bidragskalkyle i startfasen.

Bruk transportkalkylen

I oppgåve 1 nedanfor er det eit døme på korleis vi kan bruke kalkylen.

Last ned fila med reknearket med kalkylen, og lagre den på maskina di.

Berekninga av oppdragspris gjer du i fanen "Oppdragskalkyle". Her kan du både legge inn kalkyle og simulering parallelt for fleire alternativ.

Dersom du ønsker å endre kostnadene til lønn, drivstoff, dekk og anna, kan du gjere det i dei respektive fanene der kostnadene er lagde inn.

I kalkylen ligg det inne to bilar:

  • UC 32086 er eit semivogntog.

  • UC 33138 er ein lastebil med hengar.

Du kan fritt endre opplysningar eller legge til dine eigne køyretøy.

Oppgåve 1

Du får i oppdrag å frakte 25 tonn landbruksutstyr frå heimplassen din til Verdal. Bruk kart, og ta utgangspunkt i avstand og køyre- og kviletid. Legg inn køyretid, pauser og omtrentleg laste- og lossetid. Berekn 60 km/t som snittfart. Bruk først UC 32086, berekn deretter med UC 33138.

  1. Kor stor forskjell blei det på totale kostnader for dei to bilane?

  2. Endre dieselprisen til dagens pumpepris. Kva blir kostnaden på begge bilane då? (Endre i årskalkyle.)

  3. Du prøver å køyre økonomisk, så gå ned 0,5 liter på mila på begge bilane. Kor mykje sparte du på det? (Endre i årskalkyle.)

  4. Lag ei simulering der du går ned til 50 km/t som snittfart. Kor stor forskjell er det på kalkyle og simulering i tid og turpris? (Skriv i oppdragskalkyle.)

  5. Set opp pris til kunde per tonn, inkludert forteneste.

  6. Du har fått ein fastpris på 15 000 kroner for turen. Legg det inn i bidragskalkylen, og finn dekningsbidraget. Tener du eller taper du pengar på turen, og kor mykje tener eller taper du?

Oppgåve 2

  1. Korleis blir oppdragsprisen påverka dersom dieselprisen stig?

  2. Dersom den årlege lønna til sjåførane stig, er det då nokon andre kostnader i samband med lønnskostnadene som blir ramma, og i så fall kva for nokre?

Relatert innhald

Kalkylar

Lær å bruke ulike typar kalkylar for å rekne ut prisen på eit transportoppdrag.


Skrive av Mette Broen og Arne Skrede.
Sist oppdatert 14.08.2023