Tre små rike - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tre små rike

Ein del organismar har inga opplagd plassering i dei store rika. Tidlegare løyste ein dette ved å plassere desse organismane i det såkalla protistriket. I dag er det vanlegare å bruke fleire små rike, slik at dei organismane som er i same rike, har mest mogleg til felles.

Protistriket gjekk i oppløysing

I mange oversikter over organismane bruker ein det såkalla protistriket. Dette riket inneheldt opphavleg alle organismar som ikkje passa så godt inn i dyre- eller planteriket. I moderne biologi er organismane i protistriket flytte til andre rike. I oversikta vår er dei gamle protistane fordelte på følgjande tre små rike: det gule riket, slimriket og urrdyrriket. Nokre organismar er òg plasserte i dyreriket. Andre stader er protistriket framleis i bruk.

Det gule riket (Chromista)

I det gule riket finn vi mellom anna tangartane grisetang, blæretang og sagtang og dessutan mikroskopiske plankton som kiselalgar og sveveflagellatar. Soppane som forårsakar sjukdommar som krepsepest og potet-tørròte, høyrer til i det gule riket. Eincella poredyr (foraminaferar) blir òg nokre gonger plasserte i dette riket.

Urdyrriket (Cercozoa)

Urdyrriket består mellom anna av augealgar (Euglena) og stråleflagellatar. Augealgane er eincella algar som finst i fuktige område. Dei har fått namnet sitt fordi dei har karakteristiske karotenholdige oljedropar som minner om auge.

Slimriket (Amoebozoa)

Slimriket består for det meste av amøbar og slimsoppar. Amøbar er eincella dyr utan cellevegg og flagell. Dei beveger seg (og tek til seg næring) med såkalla pseudopodium (falske føter).

Slimsoppar skil seg frå andre soppar ved at dei har eit amøbestadium der dei kan bevege seg. I tillegg kan dei fordøye matpartiklar.

Kjelder

Amøber. (2019, 3. juli). I Botanisk- og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/amober.html

Artsdatabanken. (u.å.). Det gule riket (Chromista). Henta 19. desember 2023 frå https://www.artsdatabanken.no/Pages/318426/Det_gule_riket

Poredyr. (2018, 11. september ). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Poredyr

Throndsen, J. (2020, 11. desember). Øyealger. I Store norske leksikon. https://snl.no/%C3%B8yealger

Åbro, A. og Egeland, E. S. (2020, 16. juni). Protister. I Store norske leksikon. https://snl.no/protister

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023