Planteriket - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Planteriket

Plantane var dei første eukaryote organismane som erobra landjorda. Hovudårsaka til at plantane har lykkast så godt, er at dei skaffar seg energirike sambindingar ved å utnytte sollyset. Dette bana veg for dyra, som fekk mat, oksygen og ly frå plantane.

Plantar har fotosyntese og cellevegg av cellulose

Plantar er fleircella, eukaryote organismar. Plantane er relativt komplekse i form og utsjånad. Dei aller fleste plantane er . Dei har organellen kloroplast som gjer det mogleg å nytte lysenergi til å binde kjemisk energi gjennom fotosyntesen. til plantar er stivelse.

Plantane har i motsetnad til dyr ein cellevegg som består av cellulose. Saman med vakuolane utgjer celleveggen reisverket til planten.

Landplantane blir delte inn i karplantar og mosar

Moser

Dei første landplantane spreidde seg ved hjelp av . Nokre av desse utvikla transportsystem (kar) og røter. Dei som ikkje gjorde det, kjenner vi som mosar.

Typiske eigenskapar ved mosar:

  • spreier seg med sporar
  • uekte røter (rottrådar)
  • opptak og utskiljing av stoff gjennom bladoverflata
  • kjønna formeiring

Karplanter

Plantane som utvikla karsystem, blir kalla karplantar. Nokre av desse utvikla som spreiingsmetode.

Typiske eigenskapar ved karplantar:

  • ekte røter
  • transportsystem
  • både kjønna og ukjønna formeiring
  • spreier seg med sporar (bregnar, sneller og kråkefotplantar) eller frø ( og plantar)

Alle plantar som formeirar seg kjønna, har , der dei vekslar mellom ein og ein fase. Men det er ei rekkje landplantar som formeirar seg ukjønna ved hjelp av , eller frøsetjing utan befrukting.

Mange av algane høyrer til planteriket

Algar er ei svært variert gruppe eincella og fleircella vasslevande organismar. Dei blei tidlegare plasserte i det no oppløyste protistriket. No er dei plasserte i fleire ulike rike, mange av dei i planteriket.

Dei fleircella algane formeirar seg på mange måtar, men dei har generelt ingen strukturar som vernar formeiringsorgana, slik vi finn hos landplantar som treng vern mot uttørking.

Skrive av Ragnhild Baglo og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021