Transport i plantar
Film om transport i planter (4:00)
Vass- og næringsopptak hos algar og mosar

Algar lever i all hovudsak i vatn og har ikkje noko eige transportsystem. Dei er omgitt av vatn med oppløyste næringsstoff som dei tek opp direkte gjennom overflata.
Mosar manglar ekte leiingsvev og røter, og dei tek opp vatn og næringsstoff stort sett gjennom overflata. Dei fleste mosane er derfor berre eitt cellelag tjukke. Storleiken på mosane blir avgrensa av at dei manglar eit effektivt transportsystem.
Karplantar har spesialisert leiingsvev

Karplantane har utvikla eit indre transportsystem. Dette leiingsvevet strekker seg frå rota til blada, og det består av vedvev og silvev. Vedvevet transporterer vatn og oppløyste mineral. Silvevet transporterer fotosynteseprodukt og andre organiske sambindingar. Leiingsvevet bidreg òg til å halde planten oppreist.
Leiingsvevet har litt ulik utforming hos dei ulike karplantegruppene. Utforminga er generelt meir avansert hos dei dekkfrøa blomsterplantane. Leiingsvevet ligg vanlegvis i ein ring, men hos einfrøblada blomsterplantar er det spreidd i heile stengelen.

