Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Transpirasjon hos plantar

I dette forsøket skal du påvise kvar og når det går føre seg transpirasjon gjennom overflata hos plantar. Vi bruker filterpapir som er innsett med koboltklorid til å påvise fukt. Dette er eit ope forsøk der du må bruke kreativiteten din for å lære om vasstransport og gassutveksling hos plantar.

Bakgrunnsteori

Krystallane i koboltklorid endrar struktur og farge når dei bind seg til vatn. Vi bruker filterpapir innsett med ein koboltkloridløysning for å påvise fukt.

Dette er mogleg fordi filterpapiret med koboltklorid har ulik farge når det er tørt og når det er fuktig.

  • Tørt filterpapir med CoCl2 er blått.
  • Fuktig filterpapir med CoCl2 er svakt rosa.

Oppskrift på koboltkloridløysning

Denne delen av forsøket kan læraren gjere på førehand.

Les meir

Til dette forsøket treng vi ikkje ein bestemt konsentrasjon. Ein meir konsentrert løysning vil likevel gi tydelegare fargeomslag og dermed gjere det enklare å sjå ei fargeendring. Forslaget under gir eit greitt resultat.


Bruk hanskar og jobb i avtrekksskap!

  1. Bland 1,5 g koboltklorid CoCl2 i 20 ml vatn.
  2. Fukt filterpapir med koboltkloridløysning.
  3. Tørk filterpapiret med ein hårfønar.

Utdrag av HMS-datablad for koboltklorid CoCl2:

  • Bruk vernehanskar/vernebriller.
  • Bruk andingsvern.
  • Unngå utslepp til miljøet.
  • Ved hudkontakt: Vask med mykje såpe og vatn.

Legg også merke til faresetningane: Koboltklorid kan forårsake kreft, skade forplantingsevna og mistenkast å kunne gi genetiske skadar.

Utstyr:

  • kobolkloridløysing (CoCl2*6H2O)
  • plantar
  • filterpapir
  • teip
  • fønar
  • avtrekksskap

Framgangsmåte

  1. Klipp små kvadrat av det tørre filterpapiret.
  2. Før du festar papirbitane på overflata hos plantar, må du tenkje gjennom kva du vil undersøkje, og lage deg ein eller fleire hypotesar.
    Du kan til dømes undersøkje
    1. forskjellar i lys og mørke (bruk eit skap)
    2. forskjellar mellom ulike plantar (unngå hårete blad fordi det er vanskeleg å få teipen til å sitje tett nok inntil)
    3. forskjellar mellom over- og underside på eit blad
    4. om kaktusar transpirerer på same måten som andre plantar
    5. om fukta i jorda speler noka rolle
    6. om temperaturen påverkar transpirasjonen
  3. Dei tørre bitane av filterpapiret skal teipast fast på overflata hos plantar. Pass på at teipen sit tett rundt papirbitane.
  4. I løpet av ein halv time skal det vere mogleg å sjå resultat, men forsøket kan gjerne stå til neste biologitime.

Dokumentasjon

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon til journalen.

  1. Bruk gjerne rapportgeneratoren til å føre forsøket. Når du har lagra dokumentet på eigen pc, kan du leggje inn tabellar og bilete frå forsøket.
  2. Ta bilete med mobiltelefon eller fotoapparat (eller teikn) for å dokumentere prosess og resultat.
  3. Lag ein tabell med oversikt over resultata.
  4. Stemte hypotesane dine?
  5. Drøft resultata og forklar variasjonane i vasstapet til plantane. Gjer samtidig greie for årsaken til transpirasjon hos planter.
  6. Har du lært noko om tilpassinga til plantane?
  7. Har du funne feilkjelder?

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022