Hopp til innhald
Forelesing og presentasjon

Sirkulasjon – utvikling av lukka krinsløp

Alle dyr utvekslar stoff med omgivnadene. Hos tilstrekkeleg små dyr kan utvekslinga mellom cellene og miljøet skje ved direkte diffusjon. Større dyr treng eit eige transportsystem.
Video: Alf Jacob Nilsen / CC BY-SA 4.0
Oppsummering av filmen
  • Leddormar har blodårer med pumpefunksjon. Dei har eit enkelt krinsløp og eitt kammer.

  • Fisk har enkelt krinsløp og to kammer.

  • Amfibium har dobbelt krinsløp og tre kammer.

  • Krypdyr har dobbelt krinsløp og eit delvis eller heilt vertikaldelt hjarte, det vil seie tre eller fire kammer.

  • Fuglar og pattedyr har dobbelt krinsløp. Dei har fire kammer og eit fullstendig vertikaldelt hjarte.

Skrive av Jan Eivind Østnes.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021