Samandrag – næringsopptak og fordøying - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Samandrag – næringsopptak og fordøying

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet om næringsopptak og fordøying.

Alle organismar må ha næring for å kunne leve

Plantar får næringa dei treng, via sollys og stoff frå luft og vatn. Dei er autotrofe organismar som lagar energirike sambindingar sjølv.

Dyr, sopp og dei fleste bakteriar er avhengige av andre organismar for å få tak i naudsynt næring. Dei må anten ete plantar og dyr eller bryte ned dødt organisk materiale. Dei er heterotrofe organismar.

Plantar

Plantar treng vatn, lys og karbondioksid for å drive fotosyntese og dermed kunne byggje opp karbohydrat. I tillegg treng dei mineral, som dei tek opp frå jorda gjennom røtene.

Plantar kan få tak i naudsynte næringsstoff frå andre organismar, gjennom anten samarbeid eller parasittisme:

  • parasittisme

Dyr

Enkle dyr kan ta opp naudsynt næring utan eit eige fordøyingssystem, slik dei meir komplekse dyra har. Fordøyingssystema hos dyr har mange likskapar, og dei er tilpassa matinntaket og aktivitetsnivået til dyra.

Vi kan dele inn dyra i kategoriar etter kva dei et:

  • planteetarar

  • kjøtetarar

  • altetarar

Nedbrytarar (detritivorar) bryt ned dødt organisk materiale og gjer næringsstoff tilgjengelege for plantane.

Fordøyinga hos menneske

Munnen er starten på fordøyingskanalen som går gjennom kroppen heilt til endetarmen. I tillegg består fordøyingssystemet av fleire kjertlar som lagar væsker med enzym, ein type protein som bidreg til å bryte ned næringsstoffa. Ferdig nedbrotne næringsstoff blir frakta over i blod og lymfe, og vidare ut til alle cellene i kroppen.

Nedbryting av næringsstoffa

I løpet av fordøyinga blir karbohydrat, protein og feitt brotne ned til mindre einingar: monosakkarid, aminosyrer og feittsyrer. Desse er så små at dei kan passere gjennom cellelaget i tynntarmen og over i blod- og lymfeårer, for så å bli transporterte ut til cellene i kroppen.

Næringsstoff

Blir brote ned til

Ved hjelp av

Kvar i kroppen

Karbohydrat

Glukose

Amylase

Munnen og tynntarmen

Protein

Aminosyrer

Pepsin og proteasar

Magesekken og tynntarmen

Feitt

Feittsyrer

Galle og lipasar

Tynntarmen

Omsetning og regulering av næringsstoff i kroppen

Når næringsstoff er brotne ned og tekne opp av tarmen, blir dei transporterte ut til cellene. Glukose og aminosyrer går via blodet til levra, mens feittet går via lymfa og rett ut til cellene. Overskot av næringsstoff blir lagra som glykogen eller feitt.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2021