Oppdrag: Lag ein undervisningsmodell av fordøyingssystemet - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Oppdrag: Lag ein undervisningsmodell av fordøyingssystemet

Fordøyinga hjelper oss med å bryte ned maten vi et, til mindre bitar. Dermed kan vi nyttiggjere oss næringsstoffa. Bruk den interaktive illustrasjonen til å bli kjend med fordøyingssystemet, og lag ein eigen modell.

Oppdrag

Skulehelsetenesta på skulen dykkar ønskjer å lage ei utstilling om fordøyingssystemet i samband med temaet om kroppen. Dei veit at de kan mykje om fordøyinga, og har derfor teke kontakt for å høyre om de kan bidra.

Vi ønskjer at de undersøkjer stoff og materiale, og at de lagar kreative undervisningsmodellar av fordøyingssystemet. Modellane kan gjerne vere leikne, men må samtidig vere informative.

Målgruppa er skuleelevar i alderen 15–16 år. Modellen skal ha ein tilhøyrande informasjonsplakat som forklarer steg for steg kva som skjer i fordøyinga.

Modell av fordøyingssystemet

Ein modell kan lagast på mange ulike måtar og av fleire ulike materiale. Her er det berre kreativiteten som set grenser.

Idémyldring

For å kome i gang med oppgåva kan det vere lurt å ha ei idémyldring i gruppa. Skriv ned alle ideane de kjem på, og ver opne for kvarandre sine forslag. Det kan vere lurt å tenkje gjennom desse spørsmåla:

  1. Kva utstyr og kva materiale har de tilgang på?
  2. Skal modellen vere interaktiv på nokon måte?
  3. Korleis kan de best mogleg formidle det som skjer i fordøyinga?

Lag ei skisse over modellen

Bruk fasiten til den interaktive illustrasjonen under som utgangspunkt for å lage ei skisse av modellen dykkar.

  1. Viser han tydeleg korleis fordøyingssystemet ser ut?
  2. Kan de leggje til nokon element for å tydeleggjere?

Bygg modell

Det kan hende skulen tilbyr utvalde materiale, men det er lov å tenkje litt utanfor boksen. Tips til materiale kan vere plastilin, gjenbruksavfall, papp, vinyl, tekstil, tre, ulike metall eller gjerne ein kombinasjon.

Informasjonsplakat

For at presentasjonen av modellen dykkar skal bli best mogleg, skal han ha ein tilhøyrande informasjonsplakat som forklarer steg for steg kva som skjer i fordøyinga. Det kan vere lurt å tenkje gjennom desse spørsmåla:

  1. Kva informasjon er mindre tydeleg i modellen og må gjerast tydeleg på plakaten?
  2. Kven er målgruppa?

Utstilling

Lag ei utstilling av modellane de har laga, i klasserommet eller ein annan stad på skulen.

Relatert innhald

Fagstoff
Fordøyinga

Det vi et og drikk, må brytast ned til mindre bitar før kroppen kan bruke næringsstoffa. Nedbrytinga skjer i fordøyingssystemet.

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020