Fordøyinga - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fordøyinga

Det vi et og drikk, må brytast ned til mindre bitar før kroppen kan bruke næringsstoffa. Nedbrytinga skjer i fordøyingssystemet. Dei ferdig nedbrotne næringsstoffa blir frakta ut til cellene i kroppen.

Fordøyingssystemet – frå munn til endetarm

Fordøyinga startar i munnen, når vi byrjar å tygge maten. Munnen er starten på fordøyingskanalen, som går gjennom kroppen heilt til endetarmen. I tillegg består fordøyingssystemet av fleire kjertlar som lagar væsker som bidreg til nedbrytinga av næringsstoffa.

Ferdig nedbrotne næringsstoff blir frakta over i blod og lymfer og ut til alle cellene i kroppen.

Skrive av Bjørg E. Aurebekk, Øyvind Bønes og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2021